Øynesodden: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Fornminne: lenke Odden
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
 
Line 19: Line 19:
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]]
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]]
[[Kategori:Byglandsfjorden]]
[[Kategori:Byglandsfjorden]]
[[Kategori:Lauvdal]]

Siste versjonen frå 19. mars 2020 kl. 00:58

Øynesodden er eit lite nes som stikk ut i Byglandsfjorden mellom Fånefjell og Lauvdal i Bygland.

Fornminne

Ute på odden ligg det restar av ei såkalla åsrøys. Ho er 4 meter i tverrmål, og består nå bare av 1-2 lag med stein. Røysa er overgrodd og lite synleg. 270 meter lenger mot nord-aust, kloss ved Riksveg 9, ligg ei mykje større røys med diameter 10 meter og høgde 1 meter. Denne røysa er bygd rundt ei stor, naturleg steinblokk. Like ved ligg det ein bautaliknande stein. Alderen på desse røysene er ikkje fastslege. Men på Nånesodden på andre sida av fjorden ligg det ei røys som er sikkert tidfesta til yngre bronsealder.

Sjå også

Kjelder

Kart

Laster kart ...