Langevatn molybdengruve: Skilnad mellom versjonar
Utvidet litt + kilde |
s Kart |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
Mellom dei som arbeidde i molybdengruva ved Langevatn var den tidlegare driftsstyraren på [[Evje nikkelverk]], [[Gudbrand Henriksen]]. Han var disponent ved anlegget. | Mellom dei som arbeidde i molybdengruva ved Langevatn var den tidlegare driftsstyraren på [[Evje nikkelverk]], [[Gudbrand Henriksen]]. Han var disponent ved anlegget. | ||
== Kart == | |||
{{#display_map: 59.653615933937694,7.205372472119427~Molybdengruve Bykle}} | |||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 14. februar 2020 kl. 20:22
Langevatn molybdengruve var ei gruve drifta på molybdenførekomsten ved Koparnuten ved Langevatn i fjellet vest for Breive på Hovden. Då hadde det tidlegare, frå rundt 1898, vore noko drift etter kopar på same staden. Kobbernutens Interresentskap eigde driftsrettane i området.
Molybdenruva var i drift omlag frå 1910/1911-1913, ved eit tysk gruveselskap som hadde leigd driftsrettane av Kobbernutens IS. Seinare, omkring våren 1918, sette Kobbernutens IS sjølv i gang med drift etter molybden her. Men i november 1918 var 1. verdskrigen slutt. Molybden brukast mellom anna i våpenproduksjon, og var ikkje lenger like etterspurt. Drifta stansa igjen ganske snøgt.
Mellom dei som arbeidde i molybdengruva ved Langevatn var den tidlegare driftsstyraren på Evje nikkelverk, Gudbrand Henriksen. Han var disponent ved anlegget.
Kart
Kjelder
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 107-114
- Knut Gjerden, Bykle bygdesoge - Kultursoga, Kristiansand, 1974, side 46