Bispevegen (Hornnes): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Presisert en kategori |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 13: | Line 13: | ||
[[Kategori:Veier i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Veier i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Turløyper i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Turløyper i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Hornnes]] | |||
Versjonen frå 24. oktober 2019 kl. 08:17
Foto: Geir Daasvatn
Bispevegen i Hornnes (veg nr. 24) er ein privat skogsbilveg, stengd med bom, på heia mellom Espetveit og Kalland heilt sør-vest i Evje og Hornnes kommune. Vegen tek til frå Leiteskaret ved Abusdalsvegen og går sørover om lag 2 km til Bispetjønnane og Tellaugtjørni. Langs vegen, etter ca 1,5 km, passerer ein det freda kulturminnet Bispestolane. Det er mange fritidsbustader innover mot enden av vegen.
I eldre tider gjekk det ein gamal ferdsleveg i dette området. Han vart kalla «Bispeveien». Det var langs denne vegen honndølane og bjelldølane skyssa biskopen mellom desse grendene i gamle dagar, framover mot 1700-talet.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 278
- Om Bispestolane på UT.no