Setesdal Austhei: Skilnad mellom versjonar
s →Setesdal Austhei nord: forkortet Fv-45 |
s Bilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Topsæ 290617.jpg|miniatyr|høyre|Det store vatnet [[Topsæ]] i [[Bygland austhei]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}} ]] | |||
'''Setesdal Austhei''' er eit fjellområde mellom [[Setesdal]] i vest og Telemarksbygdene [[Fyresdal]] og [[Tokke]] i aust. | '''Setesdal Austhei''' er eit fjellområde mellom [[Setesdal]] i vest og Telemarksbygdene [[Fyresdal]] og [[Tokke]] i aust. | ||
Versjonen frå 4. juli 2017 kl. 06:28
Setesdal Austhei er eit fjellområde mellom Setesdal i vest og Telemarksbygdene Fyresdal og Tokke i aust.
Frå sør byrjar Austheiene i Åmli og dei øvre delane av Froland i Aust-Agder, og strekker seg nordover heilt til nordenden av Bykle (Bjåen). Området dekker eit areal på 2370 km2, og delast i to av Fylkesveg 45 (Valle-Skafså). Området nord for Fv-45 har eit areal på 770 km², med mykje høgfjell på 1000-1500 m.o.h. Det sørlege området på 1645 km² er eit lågare og rolegare heieområde, men med einskilde fjelltoppar opp mot 900-100 m.o.h.
Setesdal Austhei sør
Den søre delen av heiområdet ligg sør for Fv-45. Dette er stort sett eit lågareliggande heieområde. Storparten ligg rundt 500-600 m.o.h., med einskilde fjelltoppar opp mot 900-1000 m.o.h. Lengst nord får heia meir karakter av høgfjell med fjelltoppar opp mot 1200-1300 m.o.h. Mange vatn og vassdrag er med på å sette sitt preg på landskapet.
Setesdal Austhei nord
Den nordlege delen av heiene er fjellområdet nord for Fv-45. I vest er det avgrensa av Riksvei 9 mellom Valle og Haukeligrend. I nord går Europaveg 134 mellom Haukeligrend og Åmot. I aust går Fylkesveg 38 mellom Åmot og Dalen. Fylkesgrensa mellom Aust-Agder og Telemark går på langs inne i området, men Telemark-delen er størst.
Heiplanen
For forvaltning av areala i Setesdal Austhei gjeld mellom anna Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiene og Setesdal Austhei, i kortform kalla Heiplanen. Planen er ikkje juridisk bindande, men legg føringar for forvaltninga som kommunane må ta med inn i kommuneplanlegginga og vedtaking av kommuneplanar.
Sjå også
- Setesdal Vesthei
- Heieplan godkjend utan endringar - lesarinnlegg i Setesdølen nr. 52, 2013 av fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund
Kjelde
- Johan Christian Frøstrup m.fl., Vandringer i Setesdal Austhei 2014, Friluftsforlaget, 2014, s. 15-33