Osefita: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
Kart |
||
| Line 6: | Line 6: | ||
I dag ligg [[Reiårsfossen Camp]] på Osefita. Det var her den aller første [[Ose Countryfestival]] blei arrangert i 1983. I ein periode, 1988-1994, var det også ei [[Ose landingsplass|flystripe]] her. | I dag ligg [[Reiårsfossen Camp]] på Osefita. Det var her den aller første [[Ose Countryfestival]] blei arrangert i 1983. I ein periode, 1988-1994, var det også ei [[Ose landingsplass|flystripe]] her. | ||
== Kart == | |||
{{#display_map: 58.94197847439643,7.693605422973633~Osefita Bygland}} | |||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 432, 452 og 462 | *[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 432, 452 og 462 | ||
== Referansar == | == Referansar == | ||
Versjonen frå 26. oktober 2016 kl. 00:13
Osefita er ei svær sandslette ved vestbreidda av Otra under Reiårsfossen på Ose i Bygland. Det er sagt at sletta blei forma av lausmassar som kom nedover elva etter Storofsen i 1793, den verste flommen som skal ha vore i Setesdal nokon gong.[1]
Opphaveleg var Osefita om lag 1500 dekar stor, ca. 1,5 km lang og 1 km brei. Ho strekte seg frå Støylehommen i sør i retning nord-nordaust mot Skorsfjell på andre sida av elva, med eit sund som bare var 120-130 meter breitt. Frå dette neset gjekk sletta vestover til utlaupet av Reiårsåna under Reiårsfossen. Her var det mange hundre mål slåtte- og beitemark for Ose-bøndene. Men ein stor del av sletta kom under vatn ved reguleringa av Byglandsfjorden på byringa av 1900-talet.
I dag ligg Reiårsfossen Camp på Osefita. Det var her den aller første Ose Countryfestival blei arrangert i 1983. I ein periode, 1988-1994, var det også ei flystripe her.
Kart
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 432, 452 og 462
Referansar
- ↑ Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, bok 1, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 46, 1. spalte