Lislestraumen: Skilnad mellom versjonar
s →Kjelder: lenke |
s →Skilleplass for fellesfløtinga: litt mer detaljer |
||
| Line 3: | Line 3: | ||
== Skilleplass for fellesfløtinga == | == Skilleplass for fellesfløtinga == | ||
Lislestraumen var skilleplass for tømmer den tida tømmeret frå [[Setesdal]] blei fløta nedover [[Otra]] til [[Kristiansand]]. Last som skulle til Grenda eller [[Byglandsfjord]] blei sortert ut og lagt i kvar sin ringbom. Seinare fekk | Lislestraumen var skilleplass for tømmer den tida tømmeret frå [[Setesdal]] blei fløta nedover [[Otra]] til [[Kristiansand]]. Last som skulle til Grenda eller [[Byglandsfjord]] blei sortert ut og lagt i kvar sin ringbom. Seinare bunta ein tømmeret saman i ''bunker'' (''soppar''), og fekk slepebåten [[Thor]] som trakk tømmerbuntane ut til sørenden av Byglandsfjorden. | ||
Midt i Lislestraumen ligg Storøya. Der var det [[Fosskarhytta|ei hytte som fosskarane brukte]]. I dag kallast øya Fosskarøya. | Midt i Lislestraumen ligg Storøya. Der var det [[Fosskarhytta|ei hytte som fosskarane brukte]]. I dag kallast øya Fosskarøya. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 24. oktober 2016 kl. 23:16

Lislestraumen er eit smalt sund, ei innsnevring, i Byglandsfjorden mellom Nesodden på austsida og Stigemo på vestsida, nord for Nese i Bygland. Midt i sundet ligg Fosskarøya med Fosskarhytta. Lislestraumen er «innseglinga» til Urdviki frå sør. I nordre enden av den vika ligg Storstraumen. I vestre enden av den svære sandstranda Gullsand på Nesodden, på austsida av Lislestraumen, ligg det ei gravrøys.
Skilleplass for fellesfløtinga
Lislestraumen var skilleplass for tømmer den tida tømmeret frå Setesdal blei fløta nedover Otra til Kristiansand. Last som skulle til Grenda eller Byglandsfjord blei sortert ut og lagt i kvar sin ringbom. Seinare bunta ein tømmeret saman i bunker (soppar), og fekk slepebåten Thor som trakk tømmerbuntane ut til sørenden av Byglandsfjorden.
Midt i Lislestraumen ligg Storøya. Der var det ei hytte som fosskarane brukte. I dag kallast øya Fosskarøya.
Kjelder
- Gardskart på nett
- Tønnes Hagestad, Fløtingens historie i Otra og Tovdalselva, Kristiansand, 1988, side 27