Kultursoge for Evje og Hornnes: Skilnad mellom versjonar
s →Kjelde |
s Litt om at ÅFK er tilsatt som bygdebok forfatter i Evje |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
Uleberg døydde i 1974, og Olav Arne Kleveland tok i 1987 på seg å fullføre manuskriptet etter Uleberg. | Uleberg døydde i 1974, og Olav Arne Kleveland tok i 1987 på seg å fullføre manuskriptet etter Uleberg. | ||
Fyrste bandet vart så altså utgjeven i 1990, medan det andre kom i 2003. Det blir for tida arbeidd med ei gards- og ættesoge for Evje | Fyrste bandet vart så altså utgjeven i 1990, medan det andre kom i 2003. Det blir for tida arbeidd med ei gards- og ættesoge for Evje. [[Ådne Fardal Klev]] frå Lyngdal er frå hausten 2012 tilsett som bygdebokforfattar. Men ein veit i dag ikkje når ho kan bli skriven ferdig. | ||
==Innhald== | ==Innhald== | ||
Versjonen frå 9. november 2014 kl. 09:26
Kultursoge for Evje og Hornnes er gjeven ut i to band, band I i 1990 og band II i 2003. Forfattarar er Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland. Utgjevar er Evje og Hornnes bygdeboknemd. Evje og Hornnes Sparebank har ytt økonomisk støtte til utgjevinga.
Både Hornnes og Evje kommunar valde bygdesogenemder i 1920-åra. I begge bygdene blei det sett i gang innsamling og registrering av lokalt historisk stoff med det mål å gje ut bygdebøker.
Åra gjekk, og bygdebøkene kom ikkje. Men i 1968 fekk Hornnes si gards- og ættesoge, Hornnes I, Gards- og ættesoge, og i 1969 tok Olav O. Uleberg fatt på arbeidet med kultursoga for Evje og Hornnes.
Uleberg døydde i 1974, og Olav Arne Kleveland tok i 1987 på seg å fullføre manuskriptet etter Uleberg.
Fyrste bandet vart så altså utgjeven i 1990, medan det andre kom i 2003. Det blir for tida arbeidd med ei gards- og ættesoge for Evje. Ådne Fardal Klev frå Lyngdal er frå hausten 2012 tilsett som bygdebokforfattar. Men ein veit i dag ikkje når ho kan bli skriven ferdig.
Innhald
Band I
- Føreord
- Evje-songen
- Hornnes-songen
- Topografi
- Førhistorisk tid
- Liv og arbeid på garden
- Follogskontrakter
- Husmannsskipnad og husmannskår
- Husmenn i Evje og Hornnes
- Skog og skogbruk
- Gamle skikkar, gammal tenkemåte
- Samferdsla
- Bilane kjem
- Telefonen
- Posten skal fram
- Målføret
- Skuleskipnaden
- Skulen i Evje
- Skulen i Hornnes
- Skulen i Evje og Hornnes
- Hornnes landsgymnas
- Amtsskulen i Setesdal
- Almugebiblioteket
- Evje kino
- Sparebanken
- Sørlandsbanken på Evje
- Pengar som betalingsmiddel
- Mål og vekt
Band II
- Føreord
- Evje og Hornnes (dikt)
- Geologien i Evje og Hornnes
- 100 år med feltspatdrift og mineraljakt
- Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk
- Feltspatdrift
- Einerkilen urangruve 1948-1951
- Evjemoen
- Engelskmennene på Gautestad
- Dyreliv, fiske, jakt og fangst
- Lensmenn
- Forlikskommisjonen - forliksrådet
- Valmenn og stortingsmenn frå Evje prestegjeld
- Kommunestyringa i Evje
- Kommunestyringa i Hornnes
- Sosial omsut
Kjelde
- Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, omslaget og føreordet