Odd Helge Liestøl: Skilnad mellom versjonar
s Forkortet bildeteksten litt |
Bilde av Gunleiv frå Moi |
||
| Line 5: | Line 5: | ||
Han har også vore sterkt engasjert innan [[Otra IL]]. Mellom anna var han leiar av [[skøytegruppa]] i 1980-1981, og han var sjølv ein god skøyteløpar i si tid. Han spelte fotball i mange år i [[fotballgruppa]], frå han var lilleputtspelar til han kom med på seniorlaget, og har seinare hatt styreverv og trenarverv i denne gruppa. | Han har også vore sterkt engasjert innan [[Otra IL]]. Mellom anna var han leiar av [[skøytegruppa]] i 1980-1981, og han var sjølv ein god skøyteløpar i si tid. Han spelte fotball i mange år i [[fotballgruppa]], frå han var lilleputtspelar til han kom med på seniorlaget, og har seinare hatt styreverv og trenarverv i denne gruppa. | ||
[[Fil:Odd Helge Liestøl MORUS Gunleiv fra Moi 120211 (14).JPG|miniatyr|høyre|Gunleiv frå Moi i Morus-revyen i 2011. Foto: [[Geir Daasvatn]]]] | |||
Odd Helge Liestøl var svært aktiv innan [[Morus-revyen]]. | Odd Helge Liestøl var svært aktiv innan [[Morus-revyen]]. | ||
Versjonen frå 13. oktober 2014 kl. 13:01
| Odd Helge Liestøl | ||
|---|---|---|
| Odd Helge Liestøl i 2010. Foto: Geir Daasvatn | ||
| Født: | 19. desember 1961 (64 år) | |
Odd Helge Liestøl (fødd 19. desember 1961) er sørvis -og reiselivssjef i Åseral kommune. Som leiar for tenestetorget i Åseral er han og redaktør av det kommunale meldingsbladet Åsdølen. Han har bakgrunn som bonde og var også tilsett i Forsvaret tidlegare. Odd Helge Liestøl bur på Hannåsfeltet i Evje og Hornnes kommune og er med i Evje og Hornnes kommunestyre og i formannskapet i kommunen som representant for Tverrpolitisk bygdeliste i Evje og Hornnes kommune, som han tok initiativet til i 2007, og som då fekk fire kommunestyrerepresentantar. Ved kommunevalet 2011 var det bare han som kom inn frå denne lista.
I fritida har han eit stort engasjement for moisund.com, nettavisa for Indre Agder (dalstroka innanfor). Han driv saman med Øystein Moi og Setesdalstrykk magasinet Moisund Avis. Odd Helge Liestøl er dagleg leiar av dette.
Han har også vore sterkt engasjert innan Otra IL. Mellom anna var han leiar av skøytegruppa i 1980-1981, og han var sjølv ein god skøyteløpar i si tid. Han spelte fotball i mange år i fotballgruppa, frå han var lilleputtspelar til han kom med på seniorlaget, og har seinare hatt styreverv og trenarverv i denne gruppa.
Odd Helge Liestøl var svært aktiv innan Morus-revyen.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Odd Helge Liestøl 50 år. Artikkel i Setesdølen nr. 99, 2011 side 11