Åsdølen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Åsdølen er ei lokalavis for Åseral, ei informasjonsavis, utgjeve er Servicekontoret i Åseral kommune. Ho kjem ut 8 gonger i året, og er no inne i 30. årgang. Opplaget er for tida (2015) 800. Redaktør er Odd Helge Liestøl. Layout og ombrekking står Gunbjørg Gundersen for. Avisa vert trykt hos Setesdalstrykk i Evje.
Avisa vert distribuert gratis til alle husstandar i Åseral. Dei som ikkje er busett i Åseral kan tinge avisa for 300 kroner pr. år. Til utlandet kostar eit abonnement 500 kroner. Avisa sel også annonseplass. Lag og foreiningar i Åseral kan annonsere gratis.
Kjelder
- Åsdølen nr. 6, 2015, side 2