Tim Dåsnes: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Inkje endringssamandrag
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Omdirigert til Torgrim Dåsnes, da det er det korrekte navnet
Line 1: Line 1:
#OMDIRIGERING [[Torgrim Dåsnes]]
'''Torgrim (Tim) Dåsnes''', fødd 1920, død 2007 (87 år gamal), budde i [[Hornnes]]. Han var lærar og skulesjef i [[Evje og Hornnes kommune]].
'''Torgrim (Tim) Dåsnes''', fødd 1920, død 2007 (87 år gamal), budde i [[Hornnes]]. Han var lærar og skulesjef i [[Evje og Hornnes kommune]].



Versjonen frå 30. august 2014 kl. 09:35

Omdirigering til:

Torgrim (Tim) Dåsnes, fødd 1920, død 2007 (87 år gamal), budde i Hornnes. Han var lærar og skulesjef i Evje og Hornnes kommune.

Dåsnes tok lærarprøva i 1950. Etter det var han lærar i Sørkedalen. I 1960 vart han tilsett som lærar på Evje skule. I 1961 blei han rektor (skulestyrar) på Evje skule og skuleinspektør i Evje og Hornnes kommune etter Torvald Haaverstad. Tittelen skuleinspektør blei seinare til skulesjef, og Torgrim Dåsnes vart sitjande i stillinga i meir enn 25 år, heilt fram til oppnådd pensjonsalder 31. desember 1987. Rektor på Evje barneskule var han fram til 1972.

Torgrim Dåsnes var ein stor ressurs i det lokalhistoriske arbeidet i Evje og Hornnes. Han var med i skriftstyret i Jol i Setesdal i ni år. Han var ei drivkraft i arbeidet med Arnstein, årsskriftet til Sogelaget i Evje og Hornnes. Alt lokalhistorisk stoff han hadde samla opp gjennom tida, let han sogelaget få overta då han døydde. Dåsnes var også svært aktiv i tida som pensjonist, mellom anna i Evje og Hornnes pensjonistforening og Evje og Hornnes mållag, i tillegg til arbeidet sitt med Arnstein og Jol i Setesdal.

Kjelder


  1. OMDIRIGERING Torgrim Dåsnes