Nere Aakhus: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Siri J (diskusjon | bidrag)
Siri J (diskusjon | bidrag)
noko meir
Line 1: Line 1:
'''Nere Kjetilson Aakhus''' (fødd 13. juli 1891 i [[Bygland]], død 28. januar 1945 i Dachau) var ein kjøpmann, bonde, offiser i den norske hær og [[Liste over ordførarar i Bygland|ordførar i Bygland]] for Venstre frå 1935.  
'''Nere Ketilson Aakhus''' (fødd 13. juli 1891 i [[Bygland]], død 28. januar 1945 i Dachau) var ein kjøpmann, bonde, offiser i det norske infanteri og [[Liste over ordførarar i Bygland|ordførar i Bygland]] for Venstre frå 1935.  


Nere var son til Kjetil Bygland (1865-1925) og kona Tore Åsulvsdotter Bygland (1868-1894). I 1913 vigde han Birgit, fødd Moi (1890-1967), og dei fekk etterkvart tre born. Nere Aakhus gjekk gymnas, krigsskule og handelsskule og vart kaptein i Infanteriet. Ei tid var han stasjonert i Bergen, som løytnant ved Sunnhordlands bataljon. Sidan kom Aakhus til Befalsskulen i Kristiansand, der han var i fleire år. Aakhus og kona busette seg på [[Aakhus]] i Bygland.
Nere var son til Ketil Bygland (1865–1925) og kona Tore Åsulvsdotter Bygland (1868–1894). I 1913 vigde han Birgit Svensdotter Moi (1890–1967), og dei fekk borna Ketil (1915), Tore (1920) og Anne (1922). Nere Aakhus gjekk gymnas, krigsskule og handelsskule og vart kaptein i Infanteriet. Ei tid var han stasjonert i Bergen, som løytnant ved Sunnhordlands bataljon. Sidan kom Aakhus til Befalsskulen i Kristiansand, der han var i fleire år. Aakhus og kona busette seg etterkvart farsgården hans, [[Øvre Aakhus]] i Bygland.
 
== Ordførar ==
Aakhus vert vald til ordførar i ei økonomisk tung tid for Norge. Naudsarbeid vert igangsett óg i Bygland, mellom anna fekk jorddyrking på gardar tilskot så arbeidsledige kunne setjast i arbeid med dette. I kommunen hadde det vore ei sterk auke i kommuneadministrasjonen, og Aakhus vert vald inn i nemnda som skulle undersøkja kostnader og førebu planar for byggjing av eit nytt og større kommunehus enn den gamle røykstoga. Det nye heradshuset vert innvigd 18. desember 1937, og medan fylkesmann Pedersen rosa heradssyret for å ha klara dette i naudstid, takka Aakhus handverkarane og dei andre som hadde bidratt til bygginga. Etter hans mening hadde alle søkt heradets beste og framføre eigen forteneste.
 
Bland andre prosjekt som var i arbeid i Aakhus sin tid som ordførar var mellom anna vidareføring av vegombygging av hovudvegen og fleire bygde-, skogs- og bureisingsvegar, alderstrygd vert sett i verk, sterk oppmoding til Aust-Agder vegkantor om at dei skulle leggja fram kommunens krav om riksveg Kviplass–[[Langeid]]–[[Åraksbø]]–Tovslid i Fyresdal og oppretta telefonstasjonar på [[Skomedal|Skåmedal]] og [[Tveit (Bygland)|Tveitmonen]].
 
I ''[[Byglands soge]]'' får han eit særs godt skussmål av [[Aasulv Lande Sr.]] som sjølv var ordførar i Bygland i 1902–1908 og 1911–1914. Han fortel at Nere Aakhus tok utdanninga si i høgare tempo enn vanleg, og med dei beste vitnemål. Aakhus har ei stor arbeidslast, men arbeidar så lett og raskt at mengda ikke blir synleg, og er samstundes ein framifrå administrator og forretningsmann. Kapitlet om tida hans som ordførar blir avslutta med desse orda:
{| style="float: center; margin-left: 1em; margin-bottom: 1em; border: #B0C4DE solid 1px; background: #FFFFE0;"
|-----
|«...''Kaptein Aakhus <...> er ein traust kar. Han legg all sin hug og evne i ordførararbeidet og hev vunne tiltru og vyrdnad hjå alle.»''
|-----
|}


== Andre verdskrigen i Setesdal==
== Andre verdskrigen i Setesdal==
Line 26: Line 38:


==Kjelder==
==Kjelder==
*''[[Agderposten]]'' 22. mai 1945
*''[[Byglands soge]]'': [[Aasulv Lande Sr.]]: «Kommunestyringi. XVII. Nere Aakhus.» s. 118&ndash;122, Kristiansand 1939 (faksimile 1970)
*''[[Fædrelandsvennen]]'': O.S.: «Kaptein Nere Aakhus død i fangenskap». Artikkel 15. mai 1945.
*''[[Gards- og ættesoge Bygland]]'': [[Reidar Bolling]]: «Øvre Åkhus. Br.nr.2», Bygland bygdesogenemnd 1952, s. 290&ndash;291.
*''Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand&ndash;Setesdalsavsnittet'', Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953.
*''Våre falne'' side 588
*''Våre falne'' side 588
*Agderposten 22. mai 1945
 
*Byglandssoga side 122
==Referanser==
*O.S.: ''Kaptein Nere Aakhus død i fangenskap''. Artikkel i [[Fædrelandsvennen]] 15. mai 1945.
*''Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand&ndash;Setesdalsavsnittet'', Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953.
<references />
<references />



Versjonen frå 11. desember 2013 kl. 16:23

Nere Ketilson Aakhus (fødd 13. juli 1891 i Bygland, død 28. januar 1945 i Dachau) var ein kjøpmann, bonde, offiser i det norske infanteri og ordførar i Bygland for Venstre frå 1935.

Nere var son til Ketil Bygland (1865–1925) og kona Tore Åsulvsdotter Bygland (1868–1894). I 1913 vigde han Birgit Svensdotter Moi (1890–1967), og dei fekk borna Ketil (1915), Tore (1920) og Anne (1922). Nere Aakhus gjekk gymnas, krigsskule og handelsskule og vart kaptein i Infanteriet. Ei tid var han stasjonert i Bergen, som løytnant ved Sunnhordlands bataljon. Sidan kom Aakhus til Befalsskulen i Kristiansand, der han var i fleire år. Aakhus og kona busette seg etterkvart på farsgården hans, Øvre Aakhus i Bygland.

Ordførar

Aakhus vert vald til ordførar i ei økonomisk tung tid for Norge. Naudsarbeid vert igangsett óg i Bygland, mellom anna fekk jorddyrking på gardar tilskot så arbeidsledige kunne setjast i arbeid med dette. I kommunen hadde det vore ei sterk auke i kommuneadministrasjonen, og Aakhus vert vald inn i nemnda som skulle undersøkja kostnader og førebu planar for byggjing av eit nytt og større kommunehus enn den gamle røykstoga. Det nye heradshuset vert innvigd 18. desember 1937, og medan fylkesmann Pedersen rosa heradssyret for å ha klara dette i naudstid, takka Aakhus handverkarane og dei andre som hadde bidratt til bygginga. Etter hans mening hadde alle søkt heradets beste og framføre eigen forteneste.

Bland andre prosjekt som var i arbeid i Aakhus sin tid som ordførar var mellom anna vidareføring av vegombygging av hovudvegen og fleire bygde-, skogs- og bureisingsvegar, alderstrygd vert sett i verk, sterk oppmoding til Aust-Agder vegkantor om at dei skulle leggja fram kommunens krav om riksveg Kviplass–LangeidÅraksbø–Tovslid i Fyresdal og oppretta telefonstasjonar på Skåmedal og Tveitmonen.

I Byglands soge får han eit særs godt skussmål av Aasulv Lande Sr. som sjølv var ordførar i Bygland i 1902–1908 og 1911–1914. Han fortel at Nere Aakhus tok utdanninga si i høgare tempo enn vanleg, og med dei beste vitnemål. Aakhus har ei stor arbeidslast, men arbeidar så lett og raskt at mengda ikke blir synleg, og er samstundes ein framifrå administrator og forretningsmann. Kapitlet om tida hans som ordførar blir avslutta med desse orda:

«...Kaptein Aakhus <...> er ein traust kar. Han legg all sin hug og evne i ordførararbeidet og hev vunne tiltru og vyrdnad hjå alle.»

Andre verdskrigen i Setesdal

10. april 1940 fekk kaptein Aakhus kommandoen over eit nyoppsatt kompani forlagt til militærleiren på Evjemoen som skulle syte for vakthald og evakuering av forråd[1]. Han blei divisjonsintendant 12. april, og i boka Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet får han dette ettermælet på side 178:

«...Som hjemmehørende og ordfører i Bygland, kjøpmann, gårdbruker og dertil en dyktig offiser, ville kaptein Aakhus
utvilsomt i det lange løp ha kunnet gjøre meget for å bringe orden og regelmessighet i forsyningene. Nå kom han til for sent. ...»

Nere K. Aakhus sin uppgåve som divisjonsintendant var ikkje enkel, og generalmajor Einar Liljedahl (distriktskommandosjef) sine ord i ein rapport til Hærens overkommando om stoda i Setesdal 14. april fortel mykje om forholda i dalen:

«...Feltbataljonen erklærte seg i går aftes ukampdyktig <...> De improviserte nyoppsetninger <...> mangler tren og delvis utstyr. Forsyningen er kritisk. Dalen er overfylt med evakuerte som delvis sulter. Forbindelsen med Telemark synes i dag truet. ...»[2]

Kapteinen sytte for å få fram nokre forsyningar til Øvre Setesdal frå Skien og Lista, brødbaking på Landeskogen, ved Ose og på Rysstad, nedslakting av dyr til middagsmat. Det siste gav andre problem, det fantest ikke feltkjøkken i Setesdal og mange avdelingar mangla kokekar. Frå 13. april var han sjef for forsyningsstasjonen i Valle, og Aakhus arbeidde for å samle så mykje forråd som mogleg i dei bakre linene. Han rapporterer at forråda er relativt gode når det gjeld til dømes mel, sukker, smør, hermetikk osb, medan kaffi, havregryn og poteter er nært nok umogleg å få fatt i[3].

Det var eit godt samarbeid med lensmannen i Valle, og med hans hjelp fekk dei tillatelse til å skyte villrein i Bykleheiane.

Milorg

Etter kapitulasjonen leia Nere Aakhus Milorg i Setesdal. 16. desember 1942 vart han arrestert. Aakhus sat fengsla i Kristiansand og på Grini til 10. juni 1943, då han vart sendt til Tyskland der han døydde av flekktyfus i konsentrasjonsleiren Dachau.

Kjelder

  • Agderposten 22. mai 1945
  • Byglands soge: Aasulv Lande Sr.: «Kommunestyringi. XVII. Nere Aakhus.» s. 118–122, Kristiansand 1939 (faksimile 1970)
  • Fædrelandsvennen: O.S.: «Kaptein Nere Aakhus død i fangenskap». Artikkel 15. mai 1945.
  • Gards- og ættesoge Bygland: Reidar Bolling: «Øvre Åkhus. Br.nr.2», Bygland bygdesogenemnd 1952, s. 290–291.
  • Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet, Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953.
  • Våre falne side 588

Referanser

  1. Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet, Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953. s. 112.
  2. Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet, Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953. s. 179.
  3. Krigen i Norge 1940: Operasjonene i Kristiansand–Setesdalsavsnittet, Den krigshistoriske avdeling, Gyldendal 1953. s. 201.


Forgjenger:
 Jørund Kvaale 
Ordførar i Bygland
(1935–194?)
Etterfølger:
 ?