Setesdalsbunad: Skilnad mellom versjonar
s Flyttet mal:spire til toppen |
s Lenkefiks |
||
| Line 39: | Line 39: | ||
*[[Utmannslad]] | *[[Utmannslad]] | ||
*[[Opplut]] | *[[Opplut]] | ||
*[[ | *[[Rundtrøye]] (gråkupt) | ||
== Eksterne lenker == | == Eksterne lenker == | ||
Versjonen frå 4. september 2024 kl. 05:54


- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.
Setesdalsbunaden er ein bunad som frå gamalt av blei brukt i Bykle, Valle og Bygland i Setesdal. Setesdal er eitt av dei få områda i landet der det har vore ein ubroten tradisjon frå folkedrakt til bunad. I dag er bunaden eit festplagg. Men kvinner kledde i kvitstakk var eit vanleg syn i Setesdal fram til etterkrigsåra. Heilt til ut på 1980-åra var det framleis einskilde som nytta stakken dagleg.
Svartstakk
Svartstakken, overstakken, tek ein på til fint, og når det er kaldt. Stakken er laga av klede og vadmål, og plisse bak.
Kvitstakk
Kvitstakken, understakken, er (var) til arbeid.
Blåstakk
Blåstakken er til festbruk. Ei fullt pynta brur har blåstakken utanpå understakken, og så raudstakk utanpå der igjen. Ein kan òg ha vigsel utan «fullt bryllaup», der brura bare har understakk og blåstakk. Brurekonene kan gå med blåstakk, sjølv om brura er fullt brurekledd.
Raudstakk


Raudstakken er brurestakken. Den raude brullaupsstakken markerer overgangen frå ugift til gift kvinne, og understrekar at ho er ein av hovudpersonane under vigselsseremonien.
Dalebukse

Bunaden til mennene blir ofte kalla «Skinnfo» eller «Dalebukse». Når ein ser buksa bakfrå ser ein tydeleg kvifor. Bunaden har vore i bruk i om lag 150 år. Han er laga i vadmål, klede og skinn. På kalde dagar kan det vere godt å ha ei lusekofte innom buksa, eller ei rundtrøye over vesten.
Historie
Kledeskikken i Setesdal er gamal. Kvinnedrakta har vore brukt frå slutten av 1700-talet, omkring 300 år. Dalebuksa, «Skinnfoa», har vore brukt i om lag 150 år.
Kjelder
- Artikkelen om Setesdalsbunad på Wikipedia (bokmål), besøkt 26. juli 2024
- Om Setesdalsbunaden hos Setesdal Husflid
- Margit Dale og Frode Verpe, Setesdal. Kulinariske skattar og levande tradisjonar, utgjeve av Systog Dale Produksjoner, 2024, side 16–18
- Laila Durán, Bunader og tradisjoner fra Setesdal, utgjeve av Duran Publishing, 2015
- Valle Bygdekvinnelag, Rette klede i Stesdal, 1999, side 101
Sjå også
- Brurelad
- Utmannslad
- Opplut
- Rundtrøye (gråkupt)