Odden Camping
Odden Camping er ein campingplass på Verksmoen, ved breidda av Otra, om lag 500 meter sør for Evje sentrum. Innehavarar er Jørn Salvesen og Gudrun Skomdal Salvesen. Dagleg leiar er Gudrun Salvesen. Dei overtok plassen etter tidlegare eigarar i 2000.
Fasilitetar
Campingplassen har tilbod om overnatting i leilegheitar, hytter og ordinær camping. Vinteren 2024 blei det bygd tre nye hytter. Det er også 45 asfalterte plassar for bubilar. Seks av desse er «komfortplassar» med tilkopling til vatn og avlaup. Det er tre servicebygg på området, tømeanlegg for bubilar og kjemisk toalett, og souvenirbutikk med resepsjon. I Otra er det fine badeplassar. På campingområdet ligg også det vakre parkanlegget Odden Hage og Odden vertshus med kafeteria.
Økonomi
Odden Camping omsette for om lag 5 millionar kroner i 2015.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Stadig fleire innom Odden camping, artikkel i Setesdølen nr. 60, 2016, side 8
- Sigurd Haugsgjerd, Kranselag på Odden, artikkel i Setesdølen nr. 11, 2024, side 12
Eksterne lenker
- Heimesida til Odden Camping
- Odden Camping på Facebook
- Artikkel om Odden Camping på OpplevEvje.no
- Presentasjon av Odden Camping på OpplevEvje.no
- Artikkel på OpplevEvje.no om rekordsommeren 2020