Brurelad



Brurelad er eit hovudplagg, ein hovudpynt med mykje sylvstas, som brura har på seg under bryllaupet.
Setesdal har ein rik tradisjon for brurelad, som har utvikla seg over fleire århundre. Det finst to hovudtypar: Det eldste Vrinsladet, som truleg har vore i bruk sidan 1500-talet, og det noko yngre Utmannsladet, som vart populært på slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Det einaste intakte Utmannsladet frå Setesdal ein kjenner til er på Historisk Museum i Bergen. Det einaste kjende Vrinsladet er i eige av Norsk Folkemuseum på Bygdøy.
Hasla i Valle har rekonstruert dei to brurelada. Dei blei synte fram under Nordlek 2024 i Arendal i juli 2024. Under det arrangerte Setesdalsbryllaupet på Kanalplassen 20. juli 2024 bar brura, June Salte Thorsen, det rekonstruerte Utmannsladet.