Setesdalsbunad: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Sjå også - intern lenke
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Line 28: Line 28:
== Sjå også ==
== Sjå også ==
*[[Brurelad]]
*[[Brurelad]]
*[[Utmannslad]]


== Eksterne lenker ==
== Eksterne lenker ==

Versjonen frå 27. august 2024 kl. 11:20

KulturpatruljaOdden Camping 23. juli 2024, alle i Setesdalsbunad.
Kari Stulien Robstad i svartstakk og Stina Brandin Hovet i kvitstakk (kvardagsstakk).
Foto: Geir Daasvatn

Setesdalsbunaden er ein bunad som frå gamalt av blei brukt i Bykle, Valle og Bygland i Setesdal. Setesdal er eitt av dei få områda i landet der det har vore ein ubroten tradisjon frå folkedrakt til bunad. I dag er bunaden eit festplagg. Men kvinner kledde i kvitstakk var eit vanleg syn i Setesdal fram til etterkrigsåra. Heilt til ut på 1980-åra var det framleis einskilde som nytta stakken dagleg.

Svartstakk

Svartstakken, overstakken, tek ein på til fint, og når det er kaldt. Stakken er laga av klede og vadmål, og plisse bak.

Kvitstakk

Kvitstakken, understakken, er (var) til arbeid.

Raudstakk

"Brureparet" June Salte Thorsen og Kjell K. Nomeland under Nordlek 2024 i Arendal 20. juli 2024. Brura er i raudstakken.

Raudstakken er brurestakken. Den raude brullaupsstakken markerer overgangen frå ugift til gift kvinne, og understrekar at ho er ein av hovudpersonane under vigselsseremonien.

Dalebukse

Kulturpatrulja demonstrerer dalebuksa på Odden Camping 23. juli 2024.
Foto: Geir Daasvatn

Bunaden til mennene blir ofte kalla «Skinnfo» eller «Dalebukse». Når ein ser buksa bakfrå ser ein tydeleg kvifor. Bunaden har vore i bruk i om lag 150 år. Han er laga i vadmål, klede og skinn. På kalde dagar kan det vere godt å ha ei lusekofte innom buksa, eller ei rundtrøye over vesten.

Historie

Kledeskikken i Setesdal er gamal. Kvinnedrakta har vore brukt frå slutten av 1700-talet, omkring 300 år. Dalebuksa, «Skinnfoa», har vore brukt i om lag 150 år.

Kjelder

Sjå også

Eksterne lenker

🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.