Skilnad mellom versjonar av «Hedde»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
s (Oppdatert om Rv-9)
Line 4: Line 4:
'''Helle''' er ein [[Gard (matrikkelgard)|gard]] (gnr. 70) og ei lita grend på vestsida av [[Otra]], mellom [[Besteland]] i sør og [[Rysstad]] i nord, i [[Hylestad]] i [[Valle kommune]]. På andre sida av Otra ligg [[Straume]]. Helle, Straume og Besteland utgjer bygdelaget [[Treungen]].
'''Helle''' er ein [[Gard (matrikkelgard)|gard]] (gnr. 70) og ei lita grend på vestsida av [[Otra]], mellom [[Besteland]] i sør og [[Rysstad]] i nord, i [[Hylestad]] i [[Valle kommune]]. På andre sida av Otra ligg [[Straume]]. Helle, Straume og Besteland utgjer bygdelaget [[Treungen]].


På Helle ligg [[Helle Camping]]. Herfrå vert det arrangert klatreturar i [[Via Ferrata - Straumsfjellet]] på andre sida av elva. I 2016 vart to svære, nye sauefjos opna i grenda. [[Riksveg 9 Besteland - Helle]] er planlagt utbetra i 2018.   
På Helle ligg [[Helle Camping]]. Herfrå vert det arrangert klatreturar i [[Via Ferrata - Straumsfjellet]] på andre sida av elva. I 2016 vart to svære, nye sauefjos opna i grenda. [[Riksveg 9 Besteland - Helle]] vart utbetra i 2020–2021.   


== Historie ==
== Historie ==

Versjonen frå 22. november 2024 kl. 07:18

Helle med Straumsfjellet bak.
Helle sett frå Straume 27. oktober 2017.
Foto: Geir Daasvatn
Straumsfjødd og Otra sett frå Hagen på Helle.
Siri Johannessen (5. januar 2021)

Helle er ein gard (gnr. 70) og ei lita grend på vestsida av Otra, mellom Besteland i sør og Rysstad i nord, i Hylestad i Valle kommune. På andre sida av Otra ligg Straume. Helle, Straume og Besteland utgjer bygdelaget Treungen.

På Helle ligg Helle Camping. Herfrå vert det arrangert klatreturar i Via Ferrata - Straumsfjellet på andre sida av elva. I 2016 vart to svære, nye sauefjos opna i grenda. Riksveg 9 Besteland - Helle vart utbetra i 2020–2021.

Historie

Solnedgangen over Helle 1. desember 2016.
Foto: Geir Daasvatn

Helle er eit gamalt gardsnamn. Det er funne ei steinøks, ei holøks av flint, på garden sitt område. Øksa er frå steinalderen, og datert til ca år 2500 f.Kr. Det er også gjort eit stort depotfunn, som er datert til 600-talet e.Kr. Gardkjennarane trur likevel at garden ikkje er mellom dei aller eldste, fordi han ser ut til å vere skild ut frå noko som eingong må ha vore Rysstads mark. Ei gong i tida etter at Helle var gått ut frå Rysstad, er så Besteland blitt skild ut frå Helle igjen.

Det kan sjå ut til at ein Jon Sigurdsson eigde heile Helle fram mot slutten av 1500-talet. Etter han ser så garden ut til å ha blitt dela i tre mellom sønene Gunnar, Olav og Sveinung.

gardsbruket til Egil Åmlid på Helle står eit gamalt loft (stabbur). «Det er eitt av dei venaste og best bygde i dalen», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Det skal vere reist av den medgjetne tømmermannen Knut Torjusson Helle (ca 1696-1766). Den eldste delen av våningshuset på denne eigedomen er frå 1600-talet.

Riksveg 9

I 2020-21 vart mykje forandra i bygda, då lagdes riksvegen om. Mellom anna forsvann Helle herberge og Nordheim kafe, den eine vart riven, den andre brann ned som øvelse for brannvesenet. Bautaen for Setesdal taken ned.

Galleri

På Bergstad, noko sunnanfor Hagen på Helle, sette entreprenøren opp brakkeriggen under omlegginga av RV 9. Straumsfjødd i bakgrunnen.
Siri Johannessen (5. januar 2021)
Området der Helle herberge stod, sett frå sør. Helle der nede og der nord på venstre sida.
Siri Johannessen (5. januar 2021)
Det brune området syner kvar Nordheim kafe stod, sett frå sør.
Siri Johannessen (5. januar 2021)

Kjelder