Hopp til innhald

Setesdal Austhei: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet ørliten skrivefeil
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng
Line 1: Line 1:
[[Fil:Topsæ 290617.jpg|miniatyr|høyre|Det store vatnet [[Topsæ]] i [[Bygland austhei]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}} ]]
[[Fil:Topsæ 290617-2.jpg|miniatyr|høyre|Det store vatnet [[Topsæ]] i [[Bygland austhei]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}} ]]
'''Setesdal Austhei''' er eit fjellområde mellom [[Setesdal]] i vest og Telemarksbygdene [[Fyresdal]] og [[Tokke]] i aust.  
'''Setesdal Austhei''' er eit fjellområde mellom [[Setesdal]] i vest og Telemarksbygdene [[Fyresdal]] og [[Tokke]] i aust.  



Versjonen frå 20. februar 2022 kl. 11:27

Det store vatnet Topsæ i Bygland austhei.

Setesdal Austhei er eit fjellområde mellom Setesdal i vest og Telemarksbygdene Fyresdal og Tokke i aust.

Frå sør byrjar Austheiene i Åmli og dei øvre delane av Froland i Aust-Agder, og strekker seg nordover heilt til nordenden av Bykle (Bjåen). Området dekker eit areal på 2370 km2, og delast i to av Fylkesveg 45 (Valle-Skafså). Området nord for Fv-45 har eit areal på 770 km², med mykje høgfjell på 1000-1500 m.o.h. Det sørlege området på 1645 km² er eit lågare og rolegare heieområde, men med einskilde fjelltoppar opp mot 900-1000 m.o.h.

Setesdal Austhei sør

Rjukanfossen i Tovdal, i Åmli kommune heilt sør i Setesdal Austhei.

Den søre delen av heiområdet ligg sør for Fv-45. Dette er stort sett eit lågareliggande heieområde. Storparten ligg rundt 500-600 m.o.h., med einskilde fjelltoppar opp mot 900-1000 m.o.h. Lengst nord får heia meir karakter av høgfjell med fjelltoppar opp mot 1200-1300 m.o.h. Mange vatn og vassdrag er med på å sette sitt preg på landskapet.

Setesdal Austhei nord

Den nordlege delen av heiene er fjellområdet nord for Fv-45. I vest er det avgrensa av Riksvei 9 mellom Valle og Haukeligrend. I nord går Europaveg 134 mellom Haukeligrend og Åmot. I aust går Fylkesveg 38 mellom Åmot og Dalen. Fylkesgrensa mellom Aust-Agder og Telemark går på langs inne i området, men Telemark-delen er størst.

Heiplanen

For forvaltning av areala i Setesdal Austhei gjeld mellom anna Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiene og Setesdal Austhei, i kortform kalla Heiplanen. Planen er ikkje juridisk bindande, men legg føringar for forvaltninga som kommunane må ta med inn i kommuneplanlegginga og vedtaking av kommuneplanar.

Sjå også

Kjelde