Brotteli: Skilnad mellom versjonar
s Bilde av garden |
s →Kjelder |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Olav M. Holen]], ''[[Nordbygdi - slik ho var]]'', 2. utgåve, 2013, side 118-126 | *[[Olav M. Holen]], ''[[Nordbygdi - slik ho var]]'', 2. utgåve, 2013, side 118-126 | ||
*[[Harald Flå]] (red.), ''[[Vandringer i Setesdal Vesthei]]'', [[Friluftsforlaget]]'', 2008, side 246 | |||
== Eksterne lenker == | == Eksterne lenker == | ||
Versjonen frå 2. april 2019 kl. 00:09

Brotteli er ein gard (gnr. 7) i Botnen ved vestre enden av Botsvatn i Bykle. Garden er ein del av statseigedomen Njardarheim.
Historie
Mykje tyder på at Brotteli var busett i høgmellomalderen. Så har garden truleg blitt avfolka under Svartedauden, og blei ståande tom fram til byrjinga av 1600-talet.
Handelsmannen Søren Lund i Valle kjøpte eigedomen i 1903. Frå 1903 til 1907 bruka Knut Ånundson Skarberg garden. Lund starta geiteysteri her og opna turiststasjon. I 1906 selde han garden til forretningsmannen Thorvald Meyer Heiberg, og garden blei ein del av den svære Njardarheim-eigedomen til Heiberg. Men Lund skulle halde fram å leige garden, og drive turiststasjonen og geiteysteriet.
Ein del av jorda i Brotteli vart neddemd ved reguleringa av Botsvatn i 1978.
Kjelder
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 118-126
- Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 246