Hopp til innhald

Besteland: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Utvidet litt + kilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke Rv-9 Besteland - Helle
Line 1: Line 1:
'''Besteland''' er ein [[Gard (matrikkelgard)|gard]] og lita grend på vestsida av [[Otra]], heilt sør i [[Hylestad]] i [[Valle kommune]]. I sør grensar garden til [[Langeid]] i [[Bygland]]. Nord for Besteland ligg [[Helle]]. [[Riksveg 9]] går gjennom busetnaden i grenda. Litt opp i lia vest for Rv-9 ligg [[Øvre Besteland]] med fleire gardsbruk. Desse var dei gamle hovedbruka i garden. [[Bestelandsåne]] renn gjennom grenda i sør og ut i Otra.  

Rv-9 mellom Besteland og Helle er planlagt utbetra i 2018.
[[Riksveg 9 Besteland - Helle|Rv-9 mellom Besteland og Helle]] er planlagt utbetra i 2018.

== Historie ==
== Historie ==

Versjonen frå 13. februar 2017 kl. 09:43

Besteland er ein gard og lita grend på vestsida av Otra, heilt sør i Hylestad i Valle kommune. I sør grensar garden til Langeid i Bygland. Nord for Besteland ligg Helle. Riksveg 9 går gjennom busetnaden i grenda. Litt opp i lia vest for Rv-9 ligg Øvre Besteland med fleire gardsbruk. Desse var dei gamle hovedbruka i garden. Bestelandsåne renn gjennom grenda i sør og ut i Otra.

Rv-9 mellom Besteland og Helle er planlagt utbetra i 2018.

Historie

Besteland må i si tid vere skild ut frå Helle. Ein må rekne med at Besteland var eigen gard iallefall før Svartedauden (ca 1350). Garden ser ut til å ha vore udela fram til først på 1600-talet. Men eingong før 1647 blei han truleg dela mellom to brødre, Sigurd og Bjørn Olssøner. Det eine av desse to bruka blei dela på nytt i 1679. Etter det ser det ut til å ha vore tre bruk i garden fram til år 1900. På 1960-talet budde det opp mot 40 menneske på Besteland. Det var fleire aktive sølvsmedar, ein treskjerar og ei bygdesag. I 2017 bur det bare kring 10 menneske i grenda.

Kjelder

Kart

Laster kart ...