Tveiteåna (Hornnes): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Kart |
s Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
[[Fil:Tveiteåna sagbruk - Hornnes 081214. | [[Fil:Tveiteåna sagbruk - Hornnes 081214-2.jpg|miniatyr|høyre|Sagbruk i Tveiteåna. Nedlagd ca år 2000. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
*[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/sets/72157648834856805/ Geir Daasvatn sine bilder av Tveiteåna på Flickr] | *[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/sets/72157648834856805/ Geir Daasvatn sine bilder av Tveiteåna på Flickr] | ||
Versjonen frå 11. februar 2024 kl. 17:44
Foto: Geir Daasvatn
Tveiteåna er namnet på elva Kjetsåna der ho renn forbi garden Tveit i Hornnes. Endå lenger oppe, nord for garden, vert ho kalla Stebekken.
I ein foss i Tveiteåna, rett aust for garden Austre Tveit, hadde Olav N. Sundbø sag og høvleri, som han dreiv i mange år. Etter han overtok sonen Torbjørn Tveit saga. Han bygde eit nytt, svært sagbruk i fossen. Men det var helst svigersonen til Tveit, Ingemund Bjorå, som kom til å drive dette nye sagbruket. Det skal ha vore i drift frå rundt 1950 til 2000. På det meste var det jamt fem mann i arbeid på saga.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein 2009, s. 30-37
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 194
Eksterne lenker

Foto: Geir Daasvatn