Heistad (Bygland): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Historie: fjernet et par unødvendige lenker
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Litt utfylling av bildetekst
Line 1: Line 1:
[[Fil:Heistad 171015 (3).jpg|miniatyr|høyre|Gravhaug på Heistad. I bakgrunnen [[Moifjellet]] på andre sida av Otra. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Heistad 171015 (3).jpg|miniatyr|høyre|Gravhaug på bnr. 1 på Søndre Heistad. Haugen ligg like ved vegen, og er lett å få auge på når ein køyrer forbi. I bakgrunnen [[Moifjellet]] på andre sida av Otra. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Heistad 171015 (1).jpg|miniatyr|høyre|Husa på eit fråflytta bruk på Heistad. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Heistad 171015 (1).jpg|miniatyr|høyre|Husa på eit fråflytta bruk på Heistad. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Heistad''' er ein gard (gnr. 10 og 11) og ei lita grend nord i [[Bygland]], på austsida av [[Otra]]. Sør for Heistad ligg [[Austad]], og i nord-vest ligg [[Sordal]]. På andre sida av Otra ligg [[Moi (Bygland)|Moi]]. Mot aust, oppe på heia, strekker marka som høyrer til Heistad seg heilt til grensa mot [[:no:Telemark|Telemark]]. [[Fylkesveg 324]] går gjennom bygda sørfrå og stoggar nord på Heistad. Vidare til Sordal er han kommunal veg. På heia aust for Heistad ligg [[Heisvatn]]. Ut av vatnet renn [[Heisåni]], som kastar seg utføre fjellsida nedover mot Otra i [[Heisfossen]]. [[Hovatn kraftverk]] ligg på Heistad.  

Versjonen frå 13. november 2015 kl. 09:40

Fil:Heistad 171015 (3).jpg
Gravhaug på bnr. 1 på Søndre Heistad. Haugen ligg like ved vegen, og er lett å få auge på når ein køyrer forbi. I bakgrunnen Moifjellet på andre sida av Otra.
Fil:Heistad 171015 (1).jpg
Husa på eit fråflytta bruk på Heistad.

Heistad er ein gard (gnr. 10 og 11) og ei lita grend nord i Bygland, på austsida av Otra. Sør for Heistad ligg Austad, og i nord-vest ligg Sordal. På andre sida av Otra ligg Moi. Mot aust, oppe på heia, strekker marka som høyrer til Heistad seg heilt til grensa mot Telemark. Fylkesveg 324 går gjennom bygda sørfrå og stoggar nord på Heistad. Vidare til Sordal er han kommunal veg. På heia aust for Heistad ligg Heisvatn. Ut av vatnet renn Heisåni, som kastar seg utføre fjellsida nedover mot Otra i Heisfossen. Hovatn kraftverk ligg på Heistad.

Historie

Det er mange gravhaugar på Heistad, om lag 20 er registrerte. Dei vitnar om at garden må ha blitt rydda seinast i vikingtida, i tidsromet 800 til 1000 e.Kr.[1] Heile strekninga frå Straume og Sordal i nord, gjennom Heistad til Austad i sør må ha vore eit sentralt område i jernalderen. Men også seinare var Heistad ein sentral plass i dalen. På 1600-talet budde sorenskrivaren på garden, og etter han budde lensmannen i Bygland her. Då køyreveg blei bygd opp gjennom Setesdal i 1840-åra, kom han på vestsida av Otra. Då blei Heistad og dei andre gardane på austsida liggande noko isolerte i høve til resten av bygda.[2]

Kart

Laster kart ...

Referansar

<references>

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, side 285
  2. Bygland gard og ætt, bind II, side 283