Heisvatn
Hopp til navigering
Hopp til søk
Heisvatn med Heisåni i framgrunnen.
Foto: Geir Daasvatn
Heisvatn er eit vatn i Setesdal Austhei (434 moh.) på Heistad nord-aust i Bygland. Vatnet tilhøyrer Otravassdraget, og er regulert med overføring av vatn til Hovatn kraftverk. Ut av vatnet og nedover dalsida til Otra renn Heisåni. Det går skogsbilveg (bomveg) oppover dalsida til vatnet frå Nordre Heistad. Vegen fortset vidare innover heia i nord-austleg retning til vatna Fiskeløys og Sandvatn.
Heisvatn var kjend som eit godt fiskevatn. Utover på 1980-talet minka fiskebestanden i Heisvassdraget, og det vart sett i gong kalking av vassdraget. Fiskebestanden tok seg opp att. I dag skal det igjen vere godt fiske i Heisvatn.
Ved austre enden av vatnet ligg Heisvasstøylen.
Kjelder
- Arne Vethe, Prøvefiske i Fiskeløyse og Heisvatn 2011 - Fiskebiologiske undersøkingar i Otravassdraget - Rapport 10/2012, på oppdrag for Agder Energi Produksjon, side 4-7