Heisåni

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Den stupbratte Heistadfossen i Heisåni.

Heisåni er ei elv på Heistad, på austsida av Otra, nord-aust i Bygland. Elva renn frå Heisvatn oppe på austheia, før ho stupar ned fjellsida i Heisfossen (Heistadfossen) og renn ut i Otra i Heisevja. Elva er ikkje så lang. Frå utlaupsosen av Heisvatn til Heisevja er det bare ca 900 meter. Men på dette korte strekket er fallet heile 230 meter.

Heisvatn er regulert, og om lag 44 % av vatnet i Heisvassdraget blir overført til Hovatn kraftverk. Vassføringa i Heisåni er derfor til tider noko redusert. I flaumtider med mykje vatn er elva like stor som før.[1]

Kart[rediger]

Laster kart...

Referansar[rediger]

<references>

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, side 307