Moisund: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Nytt forsøk lenkefiks
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Føyd til at Moisund.com er nedlagt
Line 2: Line 2:
'''Moisund''' er ei lita grend heilt sør i [[Evje og Hornnes kommune]], rundt garden [[Moi (gnr. 24 Evje og Hornnes)|Moi]]. Moi-garden er nok ein av dei eldste i kommunen, truleg frå romersk jernalder. Då [[Setesdalsbanen]] kom i 1896, vart det lagt stasjon til Moi. Stasjonen skal då ha blitt heitande Moisund, slik at han ikkje skulle forvekslast med stasjonen Moi i Rogaland.  

Før var det både butikk og skule på Moisund. Men dei er nedlagde no. Den mykje omtykte revygruppa [[MORUS]] hadde sitt utspring i Moisund-bygda. Det same har den særs populære nettstaden [[Moisund.com]].  
Før var det både butikk og skule på Moisund. Men dei er nedlagde no. Den mykje omtykte revygruppa [[MORUS]] hadde sitt utspring i Moisund-bygda. Det same hadde den særs populære nettstaden [[Moisund.com]], som vart nedlagt [[31. desember 2014]].  

Nokre hundre meter aust for [[Riksvei 9]], langs fylkesvegen mellom [[Klepp]] og [[Iveland]], ligg [[Stemhei bustadfelt]]. Frå dette vesle bustadfeltet har det kome to stortingsrepresentantar, [[Kjell Ingolf Ropstad]] og [[Line Vennesland]]. Ordførar i Evje og Hornnes kommune, [[Bjørn Ropstad]], bur også her.  

Versjonen frå 21. mars 2015 kl. 09:08

Moisund sett frå Hannåsfjellet.

Moisund er ei lita grend heilt sør i Evje og Hornnes kommune, rundt garden Moi. Moi-garden er nok ein av dei eldste i kommunen, truleg frå romersk jernalder. Då Setesdalsbanen kom i 1896, vart det lagt stasjon til Moi. Stasjonen skal då ha blitt heitande Moisund, slik at han ikkje skulle forvekslast med stasjonen Moi i Rogaland.

Før var det både butikk og skule på Moisund. Men dei er nedlagde no. Den mykje omtykte revygruppa MORUS hadde sitt utspring i Moisund-bygda. Det same hadde den særs populære nettstaden Moisund.com, som vart nedlagt 31. desember 2014.

Nokre hundre meter aust for Riksvei 9, langs fylkesvegen mellom Klepp og Iveland, ligg Stemhei bustadfelt. Frå dette vesle bustadfeltet har det kome to stortingsrepresentantar, Kjell Ingolf Ropstad og Line Vennesland. Ordførar i Evje og Hornnes kommune, Bjørn Ropstad, bur også her.

Eit par kilometer lenger sør, langs breidda av Otra, ligg det ganske nye bustadfeltet Moisund Elvebredd vakkert plassert i landskapet. På andre sida av riksvegen for Moisund Elvebredd er det planlagt eit nytt, stort bustadfelt - Trollbakkane bustadfelt. I 2014 har private interessentar søkt Evje og Hornnes kommune om omregulering av eindel av dette arealet til hotellverksemd med vidare.

Kjelde