Systog Dale: Skilnad mellom versjonar
s Føyd til at Systog ligger på Dale |
s Lagt til en kategori |
||
| (11 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Systog Dale 201216-3.jpg|miniatyr|høyre|Systog Dale [[20. desember 2016]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
[[Fil:Systog Dale 201216 (2)-2.jpg|mini|høgre|Galleriet m.m. på Systog Dale [[20. desember 2016]]. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | |||
'''Systog Dale''' er garden til [[Margit Dale]] og [[Frode Verpe]]. Han ligg på [[Dale (Valle gnr. 27)|Dale]] på vestsida av [[Otra]], eit par kilometer nord for [[Valle|Valle sentrum]]. Garden er økogard. Her driv dei gardsbutikk, kunstgalleri og selskapslokale. Kjøt frå eigne lam er merkevaren til Systog Dale. Dei røyker lår, bøger, hals og sider i den gamle røykstoga, basstoge heiter det på garden. Dei sel og heimebaka brød, flatbraud og lefser, jordeple og syltetøy av alle slag. I 2013 utvikla Margit Dale [[Vallesnabben]] som produkt. | '''Systog Dale''' er garden til [[Margit Dale]] og [[Frode Verpe]]. Han ligg på [[Dale (Valle gnr. 27)|Dale]] på vestsida av [[Otra]], eit par kilometer nord for [[Valle|Valle sentrum]]. Garden er økogard. Her driv dei gardsbutikk, kunstgalleri og selskapslokale. Kjøt frå eigne lam er merkevaren til Systog Dale. Dei røyker lår, bøger, hals og sider i den gamle røykstoga, basstoge heiter det på garden. Dei sel og heimebaka brød, flatbraud og lefser, jordeple og syltetøy av alle slag. I 2013 utvikla Margit Dale [[Vallesnabben]] som produkt. | ||
Nokre hundre meter nord for sjølve gardstunet ligg [[Kallefoss Hyttepark]], som også er ein del av gardsdrifta. | Nokre hundre meter nord for sjølve gardstunet ligg [[Kallefoss Hyttepark]], som også er ein del av gardsdrifta. | ||
==Utviding== | |||
I 2017 investerte Margit og Frode tre millionar kroner i ei utviding og opprusting av gardsverksemda. Det blei bygd større selskapslokale, større kjøkken, eigne rom for kursverksemd og nye toalett og garderobar. Innovasjon Norge støtta prosjektet med 400.000 kroner, og Valle kommune gav same sum i landbruksstønad. Fredag [[21. juli 2017]] var det stor opning av «nye» Systog Dale, og samstundes opning av sommarens kunstutstilling med kunstverk av [[Per Fronth]], [[Bjarne Melgaard]] og [[Frank Brunner]]. | |||
== Historie == | |||
Ein gong før 1613 ser Dale ut til å ha blitt delt i to; Ånund og Gyro har då sete med kvar sin jamnstore lut. I 1637 vart den eine av desse delane delt i to igjen, Norstog (seinare bnr. 2) og Systog (seinare bnr. 5). | |||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*[[Johs. Bjørkeli]]: ''Tradisjonsmat i Valle: Rullar ut Vallesnabben''. Artikkel i [[Fædrelandsvennen]] [[4. januar 2014]] side 46 | *[[Johs. Bjørkeli]]: ''Tradisjonsmat i Valle: Rullar ut Vallesnabben''. Artikkel i [[Fædrelandsvennen]] [[4. januar 2014]] side 46 | ||
*[[Ole Birger Lien]], ''Utvidar Systog Dale for 3 mill.'', artikkel i [[Setesdølen nr. 23, 2017]], side 4 | |||
*[[Johs. Bjørkeli]], ''Stor oppslutning om galleriet i vallefjøset'', artikkel i [[Fædrelandsvennen]] mandag [[24. juli 2017]], side 23 | |||
*[[Alfred Ryningen]], ''Valle kommune VI, Gards- og ættesoge Valle'', 1987, side 44–62 | |||
== Eksterne lenker == | |||
*[https://setesdalssida.no/attraksjon-setesdal/galleri-systog-dale/ Om Galleri Systog Dale på Setesdalssida] | |||
*[https://setesdalssida.no/kulturminne-setesdal/systog-dale-loftet/ OM Systog Dale-loftet på Setesdalssida] | |||
[[Kategori:Garder i Valle]] | [[Kategori:Garder i Valle]] | ||
[[Kategori:Dale (Valle)]] | |||
[[Kategori:Næringsliv i Valle]] | [[Kategori:Næringsliv i Valle]] | ||
[[Kategori:Spisesteder]] | |||
Siste versjonen frå 15. september 2025 kl. 14:42


Systog Dale er garden til Margit Dale og Frode Verpe. Han ligg på Dale på vestsida av Otra, eit par kilometer nord for Valle sentrum. Garden er økogard. Her driv dei gardsbutikk, kunstgalleri og selskapslokale. Kjøt frå eigne lam er merkevaren til Systog Dale. Dei røyker lår, bøger, hals og sider i den gamle røykstoga, basstoge heiter det på garden. Dei sel og heimebaka brød, flatbraud og lefser, jordeple og syltetøy av alle slag. I 2013 utvikla Margit Dale Vallesnabben som produkt.
Nokre hundre meter nord for sjølve gardstunet ligg Kallefoss Hyttepark, som også er ein del av gardsdrifta.
Utviding
I 2017 investerte Margit og Frode tre millionar kroner i ei utviding og opprusting av gardsverksemda. Det blei bygd større selskapslokale, større kjøkken, eigne rom for kursverksemd og nye toalett og garderobar. Innovasjon Norge støtta prosjektet med 400.000 kroner, og Valle kommune gav same sum i landbruksstønad. Fredag 21. juli 2017 var det stor opning av «nye» Systog Dale, og samstundes opning av sommarens kunstutstilling med kunstverk av Per Fronth, Bjarne Melgaard og Frank Brunner.
Historie
Ein gong før 1613 ser Dale ut til å ha blitt delt i to; Ånund og Gyro har då sete med kvar sin jamnstore lut. I 1637 vart den eine av desse delane delt i to igjen, Norstog (seinare bnr. 2) og Systog (seinare bnr. 5).
Kjelder
- Johs. Bjørkeli: Tradisjonsmat i Valle: Rullar ut Vallesnabben. Artikkel i Fædrelandsvennen 4. januar 2014 side 46
- Ole Birger Lien, Utvidar Systog Dale for 3 mill., artikkel i Setesdølen nr. 23, 2017, side 4
- Johs. Bjørkeli, Stor oppslutning om galleriet i vallefjøset, artikkel i Fædrelandsvennen mandag 24. juli 2017, side 23
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI, Gards- og ættesoge Valle, 1987, side 44–62