Tjurrmodammen: Skilnad mellom versjonar
s Bilete |
s Kart |
||
| (2 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 7: | Line 7: | ||
Framom tunnelen er det ei lense, men den fangar bare opp krypsiv om sommaren, når krypsivet flyt på toppen i vatnet. Om vinteren flyt krypsivet i alle skikt av vatnet, difor må ein ha rist for å hindre at krypsivet kjem i turbinane, noko som vil føre til produksjonstap. Det kjem store mengder krypsiv i løpet av eitt år, opp til 1000 til 1200 m³. I 2008 vart det deponert over 120 lastebillass med krypsiv. Dette førte til at ein måtte ha folk på jobb heile døgnet for å renske opp for å unngå at varegrinda gjekk tett og straumproduksjon måtte stoppe. Difor er det no montert ein automatisk grindrensker ved tunnelinngangen. | Framom tunnelen er det ei lense, men den fangar bare opp krypsiv om sommaren, når krypsivet flyt på toppen i vatnet. Om vinteren flyt krypsivet i alle skikt av vatnet, difor må ein ha rist for å hindre at krypsivet kjem i turbinane, noko som vil føre til produksjonstap. Det kjem store mengder krypsiv i løpet av eitt år, opp til 1000 til 1200 m³. I 2008 vart det deponert over 120 lastebillass med krypsiv. Dette førte til at ein måtte ha folk på jobb heile døgnet for å renske opp for å unngå at varegrinda gjekk tett og straumproduksjon måtte stoppe. Difor er det no montert ein automatisk grindrensker ved tunnelinngangen. | ||
== | ==Kjelder== | ||
*[http://dok.ebl-kompetanse.no/Foredrag/2009/PTK/Tufte.pdf Om Tjurrmodammen] | *[http://dok.ebl-kompetanse.no/Foredrag/2009/PTK/Tufte.pdf Om Tjurrmodammen] | ||
== Kart == | |||
{{#display_map: 59.04300401996128,7.564323260995125~Tjurrmodammen Hylestad}} | |||
[[Kategori:Otra]] | [[Kategori:Otra]] | ||
[[Kategori:Valle]] | [[Kategori:Næringsliv i Valle]] | ||
[[Kategori:Kraftverk]] | |||
[[Kategori:Dammer]] | |||
Siste versjonen frå 10. mars 2025 kl. 11:31

Tjurrmodammen er ein dam i Otra heilt sør i Valle kommune mellom Helle og Besteland. Dammen regulerer inntaksmagasinet for Hekni kraftverk og har eit fritt overløp på 72 meter. I tillegg er det to flaumluker som kvar er 16 meter. Høgda på flaumlukene er 6,25 meter.
Ved sida av dammen startar inntakstunnelen til Hekni kraftverk. På grunn av alt krypsiv i Otra er det ei inntaksrist (varegrind) framom inntakstunnelen. Den er laga av rustfritt flattstål (12 x 140mm), med 10 cm åpning mellom stavane. Rista har ein bredde på 13 meter og høyde på 14 meter og ligg med 20 graders helling. Ho har anlegg i botn og topp og er skrudd fast på 4 flyndrer.
Framom tunnelen er det ei lense, men den fangar bare opp krypsiv om sommaren, når krypsivet flyt på toppen i vatnet. Om vinteren flyt krypsivet i alle skikt av vatnet, difor må ein ha rist for å hindre at krypsivet kjem i turbinane, noko som vil føre til produksjonstap. Det kjem store mengder krypsiv i løpet av eitt år, opp til 1000 til 1200 m³. I 2008 vart det deponert over 120 lastebillass med krypsiv. Dette førte til at ein måtte ha folk på jobb heile døgnet for å renske opp for å unngå at varegrinda gjekk tett og straumproduksjon måtte stoppe. Difor er det no montert ein automatisk grindrensker ved tunnelinngangen.