Tjurrmodammen
Tjurrmodammen er ein dam i Otra heilt sør i Valle kommune mellom Helle og Besteland. Dammen regulerer inntaksmagasinet for Hekni kraftverk og har eit fritt overløp på 72 meter. I tillegg er det to flaumluker som kvar er 16 meter. Høgda på flaumlukene er 6,25 meter.
Ved sida av dammen startar inntakstunnelen til Hekni kraftverk. På grunn av alt krypsiv i Otra er det ei inntaksrist (varegrind) framom inntakstunnelen. Den er laga av rustfritt flattstål (12 x 140mm), med 10 cm åpning mellom stavane. Rista har ein bredde på 13 meter og høyde på 14 meter og ligg med 20 graders helling. Ho har anlegg i botn og topp og er skrudd fast på 4 flyndrer.
Framom tunnelen er det ei lense, men den fangar bare opp krypsiv om sommaren, når krypsivet flyt på toppen i vatnet. Om vinteren flyt krypsivet i alle skikt av vatnet, difor må ein ha rist for å hindre at krypsivet kjem i turbinane, noko som vil føre til produksjonstap. Det kjem store mengder krypsiv i løpet av eitt år, opp til 1000 til 1200 m³. I 2008 vart det deponert over 120 lastebillass med krypsiv. Dette førte til at ein måtte ha folk på jobb heile døgnet for å renske opp for å unngå at varegrinda gjekk tett og straumproduksjon måtte stoppe. Difor er det no montert ein automatisk grindrensker ved tunnelinngangen.