Hopp til innhald

Lars Bristol: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet tegnsetting i bildetekst
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Lampelys utan rampelys
 
(2 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste)
Line 7: Line 7:

Då Lars blei eldre, gjekk det tilbake med forretninga hans. Det kom nye oppfinningar som gjorde ho mindre lønsam. På hausten i 1923 vart han overkøyrd i London og døydde altså der 1. februar 1924. Han var ugift, og hadde ikkje etterkomarar.  

I oktober 2023 kom [[Sigurd Haugsgjerd]] ut med eit hefte om Lars Bristol, ''[[Lampelys utan rampelys]]''.

==Kjelder==
==Kjelder==
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeven av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, side 390–394
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeven av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, side 390–394
*[[Alf Georg Kjetså]], ''[[Hornnes mi heimbygd (bok)]]'', utgjeve av [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2017, side 102

== Eksterne lenker ==
== Eksterne lenker ==

Siste versjonen frå 23. november 2023 kl. 11:58

Lars Bristol
Lars Bristol, 1895.
Foto: Faksimile fra Egde nr. 2/2012
Født: 25. august 1848
Død: 1. februar 1924 (75 år)

Lars Bristol (Lars Nilsson Breistøl) var oppfinnar og forretningsmann. Han var også ein dyktig fotograf. Han var fødd i 1848 på husmannsplassen Breistøl i Hornnes og døydde 1. februar 1924 i London. Han var son til den vidkjende børsesmeden og bjørneskyttaren Nils Olson Breistøl og Ingeborg Nottosdotter Breistøl.

Lars var svært evnerik, og blei tidleg i livet lagt merke til. Han kom til Horten marineverkstad og var der i seks år. Seinare reiste han til Newcastle og arbeidde på ein våpenfabrikk i sju år. I 1879 kom han til Sir Joseph Swans elektriske forretning i London. Swan var ein mykje kjend vitskapsmann, som konkurrerte med Thomas Alva Edison om å vere oppfinnaren av glødelampa. Under arbeidet hos Swan kom Lars til å studera elektrisiteten meir inngåande, og gjorde fleire oppfinningar som han fekk patent på. Nokon meiner Lars Bristol var den eigentlege oppfinnaren av glødelampa òg, men at namnet hans forsvann i striden mellom dei to verdskjende Edison og Swan.

Ei av oppfinningane til Lars Bristol var ei elektrisk gruvelampe. I 1885 starta han forretninga The Bristol Electric Safety Lamp Werks. Her hadde han opp mot 80-100 mann i arbeid på det meste.

Då Lars blei eldre, gjekk det tilbake med forretninga hans. Det kom nye oppfinningar som gjorde ho mindre lønsam. På hausten i 1923 vart han overkøyrd i London og døydde altså der 1. februar 1924. Han var ugift, og hadde ikkje etterkomarar.

I oktober 2023 kom Sigurd Haugsgjerd ut med eit hefte om Lars Bristol, Lampelys utan rampelys.

Kjelder

Eksterne lenker