Skilnad mellom versjonar av «Nordbygdi»
Hopp til navigering
Hopp til søk
(Litt historie) |
s (Presisert en kategori) |
||
Line 13: | Line 13: | ||
*[[Olav M. Holen]], ''[[Nordbygdi - slik ho var]], 2. utgåve 2013, side 16 flg. | *[[Olav M. Holen]], ''[[Nordbygdi - slik ho var]], 2. utgåve 2013, side 16 flg. | ||
[[Kategori:Bykle]] | [[Kategori:Stadnamn i Bykle]] |
Versjonen frå 8. februar 2019 kl. 22:55

Garden Nesland i Nordbygdi før oppdemminga av Botsvatn.
Foto: Folke Nesland
Nordbygdi er ei grend i Bykle kommune, ved Botsvatn, vest for Otra og Riksveg 9. I Nordbygdi ligg mellom anna gardane Holen, Tveiti og Nesland. Den indste delen av vatnet og gardane der blir kalla Botnen. Her ligg Brotteli, Bratteland og Dysje. Store delar av grenda vart fråflytta ved oppdemminga av Botsvatn mot slutten av 1970-åra, og ein finn no mest hytter i området.
Historie
Ut fra arkeologiske funn kan det vere grunn til å tru at Nordbygdi kan ha den eldste busetjinga i Bykle. Det er funne fem plassar der arkeologane meiner det har vore steinalderbustadar: Klomri, Umba, Ryningsstøylen, Strond og Håvreisundet.
Litteratur
- Olav O. Holen, Nordbygdi - barndomslandet som vart borte (del 1), artikkel i Jol i Setesdal 1998, side 26-33
- Olav O. Holen, Nordbygdi - barndomslandet som vart borte (del 2), artikkel i Jol i Setesdal 1999, side 46-50
Kjelder
- Om Nordbygdi på lokalhistoriewiki.no
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve 2013, side 16 flg.