Fylkesveg 42

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Flom i Mandalselva oversvømte nesten Fylkesveg 42 forbi Sveindal i Audnedal 6. desember 2015.
Mellom Tveit og Lislevand i Hovlandsdalen i Vegusdal var det ennå nokre kilometer veg som mangla "gul midtstripe". Vegstykket blei utbedra i 2018-2019.

Fylkesveg 42 (Fv42) går mellom Arendal i aust og Egersund i vest. Vegens lengde (med unnatak for felles trasé med riksvei 41, Riksvei 9 og E39) er 208,0 km. Av dette er 23,3 km i Rogaland, 91,1 km i Vest-Agder og 93,6 km i Aust-Agder.

Vegen kjem inn i Evje og Hornnes kommune i Hovlandsdalen mellom Vegusdal og Evje. I Evje kallast han Arendalsvegen, og går ut i Riksvei 9 i Arendalskrysset i Evje sentrum. Dei to vegane går så saman sørover til Hornnes, der dei igjen skiljar lag i Kjetsåkrysset (Tonstad-krysset). Herfra går fylkesvegen vestover forbi grendene Kjetså og Tveit, vidare oppover i terrenget til Bjørndalsvatnet, forbi fylkesgrensa mellom Aust-Agder og Vest-Agder og etter det nedover til Sveindal i Audnedal. Gjennom Hornnes, vestover frå Kjetså, heiter vegen Sveindalsvegen.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...