Vinbekken
Hopp til navigering
Hopp til søk

Utlaupet i Otra.
Foto: Geir Daasvatn
Vinbekken er ein liten bekk mellom Odde og Evje sentrum. Han tek til i Oddemarka, renn sør-vestover mot Oddeskogen bustadfelt, forbi Oddeskogen barnehage, vidare på sørsida av Sindremoen og under Evjevegen og Riksveg 9 (Setesdalsvegen) før han renn ut i Otra nord for Arendalskrysset.
Den lokale namnekjennaren Oddmund Mogstad meiner namnet er ei forvansking av «Vinnbekken», bekken som svingar. Vinna er opphavet til bekk- og elvenamn mange stader i landet.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein 2009, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, side 34