Vestre Tveit
Vestre Tveit er ein gard (gnr. 19) i grenda Tveit, mellom Kjetså og Bjørndalsvatnet i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Han er ein av to matrikkelgardar på Tveit. Den andre er Austre Tveit (gnr. 18).
Vestre Tveit høyrde opphaveleg til Hornnes-garden, og blei bruka som støyl. Garden fekk eige matrikkelnummer i 1668.
Espen Telhaug bur på bnr. 10. Til garden høyrer 3000 mål av heieområdet Lauvåsen, der Lauvåsknuten er høgaste punktet. Her har Fred. Olsen Renewables lagt planar for å etablere eit vindkraftverk med opp til 20 turbinar, noko som vil gje ei estimert årleg kompensasjon på 480.000 kroner. «Det er helt uaktuelt. Jeg og kona flyttet til Tveit nettopp på grunn av stillheten og naturen. Vi skal bygge uthus til våren og jobber med å sette i stand gården. Det vil jeg ikke fortsette med dersom jeg må se og høre vindmøller hele dagen. Pengene betyr ingenting, sa Telhaug til Fædrelandsvennen.»[1]
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 449-464
Referansar
- ↑ *Kjetil Nygaard: Å kunne bruke naturen betyr mye mer enn penger. Artikkel i Fædrelandsvennen 26. januar 2019 side 4-5