Veringsvatnet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Veringsvatnet (Nedre Veringsvatn) ligg i Veringsdalen, sør for Skyvatn, nord-aust for Breive i Bykle. Vatnet ligg 921 moh. Arealet er 0,39 kvadratkilometer. Ut av Veringsvatnet renn Veringsåe. Elva er tatt inn i overføringstunnelen mellom Lislevatn og Store Førsvatn. Men i naturleg elveleie renn ho til Breivevatnet. Veringsvatnet høyrer såleis til Otravassdraget.

Kjelder[rediger]

  • Søknad om konsesjon for Veringsåe kraftverk, dagsett 25. februar 2015
  • Otteraaens Brugseierforening, Revisjonsdokument – Reguleringskonsesjoner i Otravassdraget, dagsett 2. juli 2021

Kart[rediger]