Veringsdalen
Veringsdalen er eit dalføre på sørsida av Skyvatn, i området rundt Øvre Veringsvatn og Veringsvatnet, nord-vest for Breive i Bykle. Sør for dalen stig Veringsnuten opp. Dalføret ligg innanfor Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde.
Ein gamal ferdaveg (rideveg) vestover for byklarane gjekk frå Breive, gjennom Veringsdalen, forbi Sveigen, over Meien, forbi Bleskestadmoen til Roaldkvam og vidare til Hylen i Suldal. Breive-folk brukte denne vegen når dei var på handletur til Suldal. Der kjøpte dei korn, mjøl, salt og andre handelsvarer. Men det er høgt og vêrhardt å gå over Meien vest for Veringsdalen. Over 20 menneske skal ha mista livet på denne strekninga på 1700- og 1800-talet. Folk frå Breive skal ha gått handelsturar over Meien heilt til 1890-åra. Seinare blei det opna turiststasjon i Breive, og bygt turisthytte på Bleskestadmoen. Då blei ridevegen over Meien merka som turistløype.
Kjelder
- Søknad om konsesjon for Veringsåe kraftverk, dagsett 25. februar 2015
- Knut Gjerden, Bykle kultursoge, side 445
- Torfinn Normann Hageland, Gamle vegar og buplassar i Setesdal Vesthei, artikkel i Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 252–255