Vatndalen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Vatndalen sett frå Vatndalsdammen 25. juni 2016.
Vatndalen med Vatndalsvatnet sett frå Sæbyggjenuten i Setesdal Austhei.

Vatndalen er eit dalføre som går i retning aust-vest, vest for Riksveg 9 ved Berdalsbru, i Bykle. Vatndalsvatnet fyller heile dalbotnen. Det går veg (sperra for biltrafikk) langs sørbreidda av vatnet inn til Ormsavatnet, med ein stikkveg opp til Store Urevatn.

I dag er dalen demd opp av dei svære Vatndalsdammane i austre enden. Men sjølv føre oppdemminga dekka vatnet det meste av dalbotnen. Vatnedalsgardane låg på rekke langs vatnet, på nordsida av vestenden der det var litt jord å bygge på. Gardsbruka blei fråflytta rundt 1917, etter den første oppdemminga.

Kjelder

Kart

Laster kart...