Valle bru

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Valle bru sett mot sør, i 2013. Til høgre kan ein sjå litt av den gamle Prestefossen hengebru.

Valle bru er brua på Riksveg 9 like nord for Valle sentrum. Ho fører riksvegen vidare nordover frå austsida til vestsida av Otra. Så fører Einang bru nokre kilometer lenger nord vegen tilbake til austsida av elva igjen.

Valle bru blei bygd i 1989-1990. Ho er ei bjelkebru, med bjelkar av spennbetong. Ho har både vegbane og gangbru. Lengda er ca 113 meter. Brødrene Reme bygde brua, i samarbeid med Nomeland Anlegg. Brua var del av ei større omlegging av Rv-9, som la riksvegen utanom sjølve Valle-bygda mellom Harstad og Homme. Setesdalsvegen blei to kilometer kortare.

Kjelder[rediger]