Urdalsknuten
Urdalsknuten er det høgaste fjellet i Valle og Sirdal kommune, og i Vest-Agder fylke. Fylkesgrensa mellom Aust og Vest-Agder går over toppen, som er 1433,6 meter over havet. Kartnamnet er Urdalsknuten, men Urdalsnuten vert og mykje nytta.
Varden på Urdalsknuten[rediger]
På toppen vart det ikring 1910 reist ein staseleg varde som var 2,5 meter høg og firkanta i forma. Men så i 2010 hadde denne rasa ut, og vart liggjande som ei steinrøys. Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Vest-Agder, som har med forvaltinga av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane-Frafjordheiane landskapsvernområde å gjera, løyvde 70 000 kroner til gjenreising av varden. Dette vart utførd av røynde folk, Eystein Greibrokk og Robert Mc Shane i august 2012. Ein nytta helikopter til frakt av naudsynt utstyr, og sjølve gjenreisinga tok 5 dagar. Nå skulle varden verta ståande i nye 100 år om ikkje turfolk kliv for mykje i den.
Korleis koma hit[rediger]
Greiast er det å nytta båt over den ei mil lange Rosskreppfjorden, om ein har bomnøkkel til nedkøyringsvegen frå Rosskreppdammen. Elles er det eit drygt stykke å gå til fots langs fjorden. Ein kan då nytta turistforeninga DNT Sør sine løyper og hytter.
Frå Berg i Valle kan ein gå etter merka løype til Bossbu turisthytte. Vidare derifrå må ein finna eigen veg over Tangevadsheii for å koma til Urdalsknuten frå aust.
Frå Bossbu eller frå Suleskarvegen kan ein fylgje løyper til Svartenut turisthytte. Frå Svartenut må ein finna eigen veg mot Gjuvvatn og kryssa over Juvassåna. Denne kan vera stri å koma over ved større vassføring. Vidare kan ein gå Urdalen til endes og koma til toppen frå sør. Nokre fylgjer heller ryggen vest for Urdalen i staden for å fylgje dalbotnen.
Kjelder[rediger]
- Johs. Bjørkeli: Vardebyggere på Vest-Agders tak. Fædrelandsvennen 13.8.2012 side 25.
- Sigurd Haugsgjerd: På høgaste toppen i Valle. Setesdølen nr. 65, 2012, 17. august, side 10.
- Sirdølen: Oddvar Tjomlid: Nå er det ny varde på Urdalsnuten. 11.8.2012
- Reidar Tveito: Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3, ISBN 978-82-998304-4-7 2011, side 10-19.