Tysdagssending Valle Radio 20110308
Tysdagssending Valle Radio 20110308 viser programmet for tysdag 8. mars 2011 i Valle Radio. Harald Haugland var ansvarleg for sendinga.
Program[endre]
18.00 Kvarteret[endre]
Etter intro tek vi ein telefon til Bergtun der Ronny Stavsholt er for å rapportere frå arrangementet på Kvinnedagen 2011. Det er smekkfullt i kveld, seld 40 billettar og så er det 10 arrangørar, til saman 50:
- Grete Fossen var den første representanten. Ho representerer Hasla og skal syne vårkolleksjonen Lotus.
- Merete Austad driv firmaet mshop.no som skal selje dameklær. Dei startar i løpet av mars, men opnar butikken neste laurdag. Ho skal selje markeklær for jenter frå 20 til 40. Ho har ikkje drive med slikt før, så det er spennande å starte.
- Tina Høgevold driv Bleieboden.
- Randi Gåserud Myrum frå Setesdal Husflidsentral synest det er flott å støtte arrangementet, men dei stiller ikkje ut noko i kveld.
- I dei indre gemakkar fann han kokken Kristine Bjørgum Forde. På menyen står det kylling denne kvelden. Heimebaka brød er også på menyen.
- Knut Høgevold styrer med kaffe. Latte og cappuchino er mest populært.
- Lisbeth Dalquist Homme skal ha appellen denne kvelden, ho hadde vanskeleg for å finne parkeringsplassså fullt var det utanfor.
Næringslivet i Valle har mange kvinner som står på for å skape noko.
18.20 Over ein open Bibel[endre]
Andakten i kveld er ved sokneprest Tom Martin Berntsen
18.35 Sangkveld[endre]
Kveldens gjest er Anny Marie Brokke.
- Det er makt i de foldede hender med Lage Wedin
- En port til himlen åpen står som opplesning med personleg minne.
- Nå er jeg på vei til himlens land med Egil & Arne
- Takk at du tok mine byrder med Frikirkekvintetten og Else Iren
- Djube spor med Sigvart Dagsland
- Kyrie med Bjørn Eidsvåg
- Doggdråpen med Gunstein Draugedalen
- Upp gledjest alle, gledjest no med Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga
- His eye is on the sparrow Hans Inge Fagervik
- Velsignelsen med Oslo Gospel Choir
19.40 Møteplassen[endre]
Samtaleprogram med Paul Odeh, en kristen araber fra Israel som idag bor i Norge. Han er araber, og ikke palestiner understreker han. Da noen fant ut han var araber og ikke jøde, vasket de hendene etter å ha hilst på han. Hør flere historier om Paul Odeh fra Israel, og hans møte med Norge. Programmet er frå Norea Mediemisjon og programleiar er Ingve Gilje frå Nytt Liv Media i Stavanger.
20.15 Sørlandets Litteraturpris[endre]
- Kutt nr. 13 frå boka Har du hørt... av Johan Chr. Sandvand
- Informasjon om bokbad på Rysstad 24. mars
- Informasjon om bokbad andre stader
20.30 Postludium[endre]
Niklos K. Besteland har funne musikk i høve Kvinnedagen, det er kvinnelege organistar han har plukka fram i kveld.
- Marie-Louise Jaquet-Langlais på orgelet i St. Croix-katedralen i Orleans: Cesar Franck: Andantino i g-moll
- Käte van Tricht på orgelet i St. Petri-domen i Bremen: Felix-Alexandre Guilmant: Scherzo frå Sonate nr. 5 i c-moll, opus 80
- Almut Rösler på orgelet i Limburg domkyrkje: Johan Aristide Alain: Letanies frå samlinga Trois Piéces