Anny Marie Brokke

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Anny Marie BrokkeSymbol unrelated.svg
Anny Brokke.jpg
Anny Brokke i Valle Radio sitt studio.
Født: 18. april 1947 (72 år)


Anny Marie Brokke (fødd 18. april 1947 i Stange på Hedmark) er pensjonert sjukepleiar i Valle kommune. Ho vaks opp på Siggerud i Ski kommune i Akershus og tok sjukepleiarutdanning på Ullevål sykehus i Oslo. Ho kom til Brokke i 1972 og har arbeidd ved Valle Bygdeheim, men og ein periode i heimesjukepleien.

Ho er gift med Knut T. Brokke og har to søner, Tor Brokke og Geir Brokke. Etter kvart er det blitt fem barnebarn. I 2003 overtok Tor huset i Brokke og Anny og Knut flytta opp i Brokke grendefelt, der dei kjøpte seg eit lite lafta hus.