Tovdal kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tovdal kyrkje 2016.
Foto: Geir Daasvatn
Tovdal kyrkje ligg på Hillestad i Tovdal i Åmli kommune. Ho er ei langkyrkje i tre, bygd i 1820, med rundt 105 plassar. Kyrkja blei formelt innvigd først i 1827. Ho vart restaurert i 1932 og 1980.
Kyrkjestaden på Hillestad er gamal. Alterdisken har årstalet 1654. Eit stort døypefat av messing har årstalet 1674. På kyrkjeklokka står årstalet 1682. Desse sakene må ha vore i den første kyrkja på staden. Når den kyrkja var bygd veit ein ikkje sikkert.
Kjelder
- Solveig Austenå, Tovdal, kapittel i Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Norsk Faglitteratur, Oslo 1956, side 713-714
- Artikkelen om Tovdal kyrkje på Wikipedia (bokmål), besøkt 25. september 2016