Gjøvdal
Hopp til navigering
Hopp til søk

Noko av busetnaden på Askland.
Foto: Geir Daasvatn
Gjøvdal er eit dalføre og ein tidlegare sjølvstendig kommune i Åmli. I aust grensar Gjøvdal til Nissedal, og i nord til Bygland og Fyresdal. I vest ligg Tovdal. Gjennom dalen renn elva Gjøv. Elva har kjeldene sine i grensestroka mellom Bygland og Fyresdal. Gjøvdal kyrkje ligg på Askland. På Flatelandsmoen på Jørundland ligg eit gardsanlegg frå jernalderen, truleg rydda i folkevandringstida (400-600 e.Kr.). Det er gjennomgangsveg frå Åmli til Birtedalen og Fyresdal gjennom Gjøvdal.
Kjelder
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, østre del, Friluftsforlaget, Oslo 1956, side 353-374
- Plakat/oppslag ved gardsanlegget på Jørundland
- Torgils Hodne, Åmli ætt og heim II, Gjøvdal, utgjeve av Åmli kommune ved Åmli bygdeboknemnd, 1981
Eksterne lenker
- Artikkelen om Gjøvdal på Wikipedia (bokmål), besøkt 15. april 2017
- Geir Daasvatn sine bilder av gardsanlegget frå jernalderen på Jørundland
- Geir Daasvatn sine bilder av elva Gjøv