Hillestad Galleri
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hillestad Galleri mars 2017.
Foto: Geir Daasvatn
Hillestad Galleri ligg på Hillestad i Tovdal i Åmli kommune. Det er eit kunstgalleri, der mange av dei framste kunstnarane i landet har hatt separatutstilling. I Galleriet er Hillestad Smykker utstilte, og til sals. Utanfor Galleriet er det leikepark for born i alle aldrar. Ein kan også få løyst fiskekort for Tovdalselva her.
I 2025 opna fylkesordførar Arne Thomassen utstillinga. Utstillarane er Tom Erik Andreassen, grafikk, Reidun Røste, trearbeid og Marius Martinussen, måleri.
Historie
Hillestad Galleri blei etablert av Eivind G. Hillestad i 1985.
Kjelder
- Heimesida til Hillestad Galleri
- Inga Lauvdal: 40 år med galleridrift i Tovdal. Artikkel i Setesdølen nr. 45, 2025 side 3