Årdalen naturreservat

Årdalen naturreservat ligg i Årdalen i Bygland og Åmli kommunar. Naturreservatet blei oppretta ved kgl. res. 17. desember 1993. Føremålet er å ta vare på eit større samanhengande naturområde som er lite påverka av menneskelege inngrep og med ein variert natur som samla er representativ for midtre delar av Aust-Agder. Reservatet dekker eit areal på 21,3 km2. 15,5 km2 er i Åmli og 5,8 km2 i Bygland. Høgda over havet er 450-800 meter.
Avgrensinga av reservatet følger i hovudsak nedslagsfeltet eller landskapshorisonten på begge sider av hovuddalføret som er Tovdal. I sør går grensa rett sør for Rjukanfossen i Åmli. I nord er grensa ved skogsbilvegane som går inn i området frå Åraksbø i Bygland.
Mot aust grensar reservatet mot Rukkevatn barskogreservat, og i nordaust mot Furebuheii myrreservat. Til saman utgjer desse tre reservata eit verna areal på 42,7 km2.
Kjelder
- Forvaltningsplan for Årdalen naturreservat
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 280