Lund-Mogstad
Lund-Mogstad er eit eigedomsselskap (AS) i Evje. Selskapet eig lokala i austfløyen av 1. etasje i Sentrumsbygget, der det i alle år frå bygget stod ferdig i 1973 til 2015 var matbutikk. Den siste av desse var Bunnpris Evje, som avvikla verksemda sommaren 2015.
Hausten 2016 vart det kjent at Lund-Mogstad hadde inngått ein 10-årig leigeavtale med kleskjeda Cubus om leige av lokala til klesbutikk, med opsjon for ytterlegare fem år. Etter ei ombygging av lokala skulle Cubus Evje etter planen opne 10. november 2016.
Lund-Mogstad AS er eigd av Per Mogstad (50 %), Ingrid Lund Eide (16,67 %), Kirsten Lund (16,67 %) og Tor Idar Lund (16,67 %). Alle er etterkomarar etter Eli Mogstad og Inger Lund, som hadde den aller første matbutikken i lokalet, Evje Matsenter.
Dagleg leiar og styreleiar i selskapet frå september 2016 er Gunnar Greibrokk. Frå 2009-2016 var Tor Idar Lund styreleiar. Styremedlem frå 2016 er Terje Vasland.
Kjelder
- Om Lund-Mogstad AS på Proff.no
- Ole Birger Lien, Vil selje klede for 10 mill. i året på Evje, artikkel i Setesdølen nr. 75, 2016, side 8