Temamøte om Reiseliv og destinasjonsbygging
Hopp til navigering
Hopp til søk
Temamøte om Reiseliv og destinasjonsbygging vart halde av Valle Næringslag torsdag 10. november 2011 på Sølvgarden klokka 18. Problemstillinga var Korleis dra nytte av å liggje mellom dei to store, Evje om sommaren og Hovden vinterstid?
Program
- Innleiing ved Sigurd Haugsgjerd
- Foredrag av Thor Flognfeldt frå Høgskulen i Lillehammer
- «Kultur, natur og aktiviteter - hva skal til for at Valle finner en plass i reiselivsmarkedene framover?»
- Suppe og lefse
- Innlegg frå reiselivskoordinator Setesdal Frode Buen og Lasse Eidskrem
- Innlegg frå Valle/Rysstad Reiselivslag Edvin Brottveit
- Inlegg frå Valle kommune ordførar Tarald Myrum
- Paneldebatt med alle ovannemnde bidragsytarar. Ordstyrar Sigurd Haugsgjerd
Innlegg frå salen
Det var fleire innlegg frå salen:
- Harald Haugland nemnde Honnevje rasteplass som vart kåra til «Norges beste rasteplass 2011». Denne rasteplassen er og med i det verdsomfattande nettverket for geocaching, som mange brukar når dei er på tur.
- Knut H. Nomeland var oppteken av at kjettingane som sperrar parkeringsplassar på Brokke-Suleskarvegen gjer det vanskeleg for turistar å gå på korte turar i heia.
Kjelde
- Annonse i Setesdølen nr. 88, 2011 side 11