TT Anlegg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Maskiner frå TT Anlegg klare til å gyve laus på Fennefoss kraftverk 2. januar 2021.
Kjell Olav Steinsland, anleggsleiar i TT Anlegg, Svein Arne Haugen, ordførar i Evje og Hornnes, og Gunvald Vårdal, byggeleiar i TT Anlegg, under den offisielle opninga av ny rundkøyring på Riksveg 9 på Verksmoen på Evje 19. november 2021.
Foto: Geir Daasvatn

TT Anlegg er ein entreprenørselskap (AS) og den største maskinentreprenøren på Sørlandet. Arbeidsområda er mellom anna anlegg (grunnarbeid, massetransport, fjellsprenging mm. for alle førermål), samferdsle (grunnarbeid for veg, jernbane, flyplassar og kaianlegg), kraftanlegg (bygging og rehabilitering av fyllingsdammer m.v.) og bygging av næringsbygg og fritidsbustadar. Hovudkvarteret er i Doneheia i Mandal. Tom Eikså er dagleg leiar. Det er rundt 360 tilsette i selskapet (2020).

TT Anlegg er hovudentreprenør for bygging av Fennefoss kraftverk i Fennefossen i Evje og Hornnes 2020–2023. Firmaet var også hovudentreprenør for rundkøyringa på Riksveg 9VerksmoenEvje, som blei offisielt opna 19. november 2021. I 2012 hadde TT Anlegg eit stort arbeid i samband med bygging av Oddeskogen barnehage på Evje (grunnarbeid, gang- og sykkelsti m.m.). I Åseral har firmaet m.a. vore med og bygt den svære Dam Skjerkevatn.

Historie[rediger]

Selskapet blei etablert i 1960 i Marnardal, då under namnet Terrengtransport.

Kjelder[rediger]