Sørtun (Evje og Hornnes gnr. 7 bnr. 45)

Sørtun (Evje og Hornnes gnr 7. bnr. 45) er ein eigedom heilt sør i Dåsnes i Hornnes. Det er her Esso-stasjonen ligg i dag.
Historie
Gunvald O. Abusdal dreiv landhandel på Byglandsfjord nokre år. Seinare var han i butikken til Torgeir G. Abusdal i Dåsnes, som han var i slektskap med. Gunvald skal ha stått i same jobben i 57 år.
I 1916 kjøpte han eigedomen Nedre Dåsnes. Det var på denne eigedomen dei første husa i Dåsnes hadde blitt sett opp. Han bygde på dei gamle husa så dei blei høgare. I 1923 selde han husa og halve eigedomen. Sjølv bygde han seg nye hus på det jordstykket han heldt igjen i handelen, Sørtun. Denne nye eigedomen låg om lag 100 meter lenger sør i Dåsnes. På denne eigedomen vart det ca 1934 bygd ein liten bensinstasjon. Sonen Åsmund Abusdal overtok denne rundt 1950. Etter Åsmund igjen var det bornebornet Gunvald Abusdal som stod for drifta i mange år. I dag har den vesle tappestasjonen på Sørtun altså blitt til den svære Esso-stasjonen.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 195 og 200
- Sigurd Haugsgjerd: 100-åring løyser kryssord kvar dag. Artikkel om Karen Abusdal, kona til Åsmund, i Setesdølen nr. 85, 2015 side 11