Skafsåheii fjellkyrkje

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Skafsåheii fjellkyrkje

Skafsåheii fjellkyrkje er ei trekyrkje i Tokke kommune i Telemark. Kyrkja vart innvigd 21. juni 2009 av biskop Olav Skjevesland. Ideen til kyrkja hadde sokneprest Bjarne Nensæter, men det gjekk femti år frå ideen vart lansert til kyrkja stod ferdig. Ein såg på fleire tomter, men enda til slutt opp med ei kommunal tomt på Hallbjønnsekken ved fylkesveg 45.

Frå 1990 arbeidde ei gruppe med Olav Urbø og Gunnstein Seltveit i spissen for å realisere prosjektet. Tidleg på 1990-talet fekk dei ei pengegåve på 1,3 millionar til fjellkyrkja, og då vart det meir fart i arbeidet. Feltspatkompaniet, eit firma som driv med hyttebygging i området, stod for arbeidet med å få reist kyrkja. Ved vigslinga var det også planar om å innreie kjellaren til aktivitetsrom og overnatting når ein fekk pengar til det, då var planen å få 16 sengeplassar der.

I tida etter vigslinga har Skafsåheii fjellkyrkje blitt teken i bruk til ulike aktivitetar. Det er kulturkveldar der, men også samlingar for konfirmantar og ungdomar.


Laster kart...

Kjelder[rediger]