Sveigefossen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Sveigefossen 5. juli 2017.

Sveigefossen er ein foss i Otra rett sør for Bykle kyrkjebygd. På grunn av regulering av elva oppstraums fossen, er han normalt mest tørrlagt. Bykle bruRiksveg 9 går over fossen. Det er glatte svaberg og mange jettegryter ved fossen. Dette har ført til fleire drukningsulykker opp gjennom åra. Ei spesielt farleg jettegryte har Bykle kommune fylt igjen med stein.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...