Jettegryte

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Stor jettegryte i Faråne i Hylestad 4. oktober 2022. Knut Olav Uppstad skal ha målt kor djup ho er med ekkolodd, og kome til 9–11 m.

Jettegryte er ei glatt, sylindrisk fordjupning i bergoverflata, danna ved sliping (abrasjon) med ein eller fleire steinar eller grovt sediment (grus, stein, blokk) når store vassmengder set seg i røyrsle. Ei jettegryte er til vanleg djupare enn ho er brei, og store jettegryter kan vere fleire meter djupe.

Store jettegryter som ein ser i terrenget i dag blei truleg laga i løpet av førre istid, og nærare bestemt under slutten av førre istid, deglasiasjonen, då det var mykje smeltevann tilgjengeleg.

I Setesdal er det svære jettegryter mellom anna i Sveigefossen i Otra sør for Bykle kyrkjebygd og i Faråne i Hylestad.

Kjelder

Eksterne lenker

Bildegalleri